Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny turveg teken i bruk på Søre Bildøyna

På torsdag i sist veke vart den nye turvegen mellom Vollvika på Søre Bildøyna og Bildøyvegen teken i bruk. Fire-fem hundre meter med ny turveg har gjort det lettare for dei turgåande å ta seg fram i området.

Wenche og Gunnar Buvik gler seg over den nye turvegen.
Wenche og Gunnar Buvik gler seg over den nye turvegen.

Den nye turvegen går frå badeplassen i Vollvika til Bildøyvegen 150 meter aust for Sotra Cementvarefabrikk. Då vi testa turvegen på tysdag denne veka, traff vi på Wenche og Gunnar Buvik.

- Dette er eit kjempetiltak. Vi går denne turen ganske ofte. Tidlegare var det ein sti her, men no er det langt betre å koma seg fram. No skal vi setja oss på steinen der borte og ta oss ein pause, seier dei to som denne dagen tok seg ein tre-fire kilometer lang spasertur frå heimplassen sin på Straume Sjøfront.

Godt samarbeid

Anleggsgarntar hjå Plan- og eigedomssjefen, Jan Sem-Olsen viser stolt fram den nye turvegen. I området der Wenche og Gunnar tok seg ein velfortent pause, skal det skjerast opp store stokkar for å laga fleire sitjeplassar.

Jan Sem-Olsen viser korleis det skal murast for leia vatnet på rett veg.
Jan Sem-Olsen viser korleis det skal murast for leia vatnet på rett veg.

- Vi har hatt god hjelp frå tre personar gjennom NAV/Muligheten for å få dette prosjektet fullført. Dei har gjort ein flott jobb. Vi fekk ein avtale med Sartor Maskin, som hadde eit anna oppdrag her i området, til å få ein del steinmassar på rett plass. Vi vil også nytta høvet til å takka Sartor Maskin for leveransar og samarbeid. Ein del skuleungdom går gjerne den vegen mellom Søre Bildøyna og skuleområdet på Bildøyna i staden for å følgja bilvegen, seier Sem-Olsen.

Grøn avdeling hjå Plan- og eigedomssjefen har brukt fire og ei halv veke på turvegprosjektet. Hovudansvarleg for tiltaket er seksjonsleiar Lars Fjærtoft. Fleire prosjekt er på gang.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete:


Sist endret: 26.02.2019