Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Ny vekerapport er klar. Rapporten oppsummerer veka som er gått.



Godkjente trafikksikringsplan

Kommunestyret godkjente på torsdag kommunedelplan for trafikksikring 2017. I investeringsprogrammet for Fjell kommune 2016-2019 er det sett av sju millionar kroner årleg til trafikksikring.
Andre saker: Plan for Fagredalen og uttale til Vestlandsregionen.
Les meir.

Sotrasambandet: Vegkontoret startar grunnerverv

Om lag 700 husstandar i Fjell og Bergen har no fått melding frå Statens vegvesen om at arbeidet med grunnerv i samband med Sotrasambandet startar opp om kort tid. Bygging av det nytt sotrasamband vil råka mange grunneigarar langs strekninga frå krysset ved Storavatnet og krysset ved Kolltveit i Fjell. 27 hus må innløysast ettersom dei må rivast som følgje av vegbygginga.
Les meir.

Løyver 15 tusen til Basecamp

Ungdommens kommunestyre (UKS) vedtok på tysdag å løyva 15 tusen kroner til prosjektet «Basecamp Repro». Radio Sotra får 10 tusen kroner til etablering av kinoklubb.
I uttalen til budsjettet for 2017 går det fram at UKS ønskjer å prioritera trafikksikringstiltak, ny ungdomsklubb og vedlikehald på Bildøyhallen.
Les meir.

Drøftar framtida for Regionrådet Vest

Ei i av sakene på styremøtet i Regionrådet Vest den 28. november er bruk av Regionrådet Vest i framtida. På møtet vil leiar i regionrådet, Øygarden-ordførar Børge Haugetun, gjennomgå korleis regionrådet har vore brukt og korleis det vert brukt, også utanfor kommunane.
Andre saker/orienteringar: Gjennomgang av skjønsmidlar og brannsamarbeid i bergensregionen.
Les meir.

Fjell-tilsett er nominert til Frivillighetsprisen 2016

Richard Kiwanuka er mellom dei ti nominerte til Frivillighetsprisen 2016. Prisen vert delt ut av kulturministeren måndag 5. desember i Oslo. Richard Kiwanuka kjem frå Uganda og arbeider i dag på NAV Fjell. Richard mista foreldra på dramatisk vis og har sjølv vore barnesoldat. Han kom til Noreg som 16-åring.
Les meir.

Besøk frå Lier og Voss

Måndag og tysdag denne veka hadde Fjell kommune besøk av Lier kommune (måndag) og Voss kommune (tysdag). Begge kommunane fekk informasjon om helse- og omsorgstilbodet i Fjell og regionen og korleis dette skal utviklast vidare saman med Sund og Øygarden.
Les meir.

Invitasjon til festframsyning for frivillige

Frivillige vert invitert til festforestilling torsdag 8. desember kl. 12.00-13.30 på SF Kino Sotra. Helge Jordal skal saman med Harald Dahlstrøm på piano, framføra historier og songar frå livet på sjøen. Noko er henta frå framsyningane «Førstereis» og «Uteseileren».
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (47)

  • 22.11.: Bergensalliansen – brannvernsamarbeid
  • 23.11.: PAU – møte24.11.: Kommunestyremøte
  • 25.11.: Møte med BKK

Ordføraren neste veke (48)

  • 28.11.: Regionrådsmøte i Sund
                Møte med Sotra Sportsklubb om vidare utvikling
  • 29.11.: Møte med Høgskulen i Bergen
                Kontaktutvalet for næringslivet
  • 30.11.: Eigarmøte Gode Sirklar AS
                Integreringsrådet
  • 01.-02.12.: Barnevernskonferanse

 

 

 


Publisert: 25.11.2016 10:55
Sist endret: 25.11.2016 11:03