Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Ny vekerapport er klar. Rapporten oppsummerer veka som er gått.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?




Regionrådet: Følgjer opp frivillig innsats i helse og omsorg

Regionrådet Vest skal utarbeida eit notat som drøftar ein felles strategi for framtidig frivillig arbeid i regionen, mellom anna innan helse og omsorg. På møtet på måndag denne veka bad regionrådet også om å få tilbake ei sak med konkretisering på korleis ein kan bruka velferdsteknologi i offentleg regi.
Les meir.

Nyttig arena for informasjonsutveksling

Informasjonsutveksling er eit viktig element i det relativt nyoppretta kontaktutvalet for næringslivet. På møtet denne veka var det sett av god tid til å gje informasjon om det kommunen steller med og det som skjer i det lokale næringslivet.
- Det er svært nyttig for kommunen å ha ein slik arena der vi får gje informasjon om det som skjer i kommunen, og vi for vår del har stor nytte av å verta kjent med det som føregår i det lokale næringslivet, seier ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.
Les meir.

Klart for møte nr. to i førebuande fellesnemnd

Torsdag den 8. desember er det klart for det andre møtet i førebuande fellesnemnd (FF) for kommunereforma. Nemnda er samansett av 17 politikarar og tre tillitsvalde frå Fjell, Sund og Øygarden. Det andre møtet i nemnda vert halde i Sund rådhus.
Les meir.

Fylkesmannen: Vestlandsregion gjev stor regional ubalanse

Fylkesmannen i Hordaland meiner at planane om ein Vestlandsregion samansett av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland vil gje ein stor regional ubalanse mellom små og store regionar i landet. Fylkesmannen uttalar at dette vil gjera det vanskeleg å overføra oppgåver frå staten til nye folkevalde regionar.
Les meir.

Tilrår plan for Mabbursvegen

Rådmannen går inn for at kommunestyret godkjenner detaljregulerngsplan for Mabbursvegen, Anglavika. Planen legg til rette for å byggja fem nye bustader med totalt seks brukseiningar. Komité for plan og utvikling skal behandla saka den 6. desember. Komitéen skal behandla fire klagesaker.
Les meir.

Arbeidsmiljøprisen gjekk til Tranevågen ungdomsskule

Tranevågen ungdomsskule vart på onsdag denne veka tildelt Arbeidsmiljøprisen 2016. Prisen vart delt ut av ordførar Marianne Sandahl Bjorøy på leiarsamlinga til rådmannen på Fjell rådhus i føremiddag. Det var leiar i arbeidsmiljøutvalet, Bodil Aleksandersen, som framførte grunngjevinga for prisen på vegner av juryen.
Les meir.

BrukOM-dag på Hjelteryggen !

Onsdag den 30. november kl. 14 til 19 inviterte Marihøna barnehage og Hjelteryggen skule til BrukOM-dag på allaktivitetshuset på Hjelteryggen.
- Dette er eit berekraftig nærmiljøtiltak med gjenbruk av klede og gjenstandar for vintersesongen, seier styrar på Marihøna barnehage, Trond Heggestad.
Les meir.

Klede til glede på Bildøy barnehage

For kort tid sidan (veke 44) gjennomførte foreldra til barna på Bildøy barnehage ei «gjenbruksveke» for bytting av klede. Den veka vart det samla inn klede som låg til disposisjon for alle som kunne tenkja seg til denne forma for gjenbruk.
Les meir.

Lysfest og 90-årsjubileum for Misje skule

Søndag var det tradisjonen tru, stinn brakke i gymsalen på Misje skule, då 150 bygdefolk samla seg for å tenna julegran og synga advent inn. Samstundes nytta ein høve til å feira at det er 90 år sidan det vart eigen skule på Misje.
Les meir.

Knappskog samla inn pengar til stifting

Knappskog skule gir Kr. 6755,- til Richard Kiwanuka si stifting «Bring Children From Street». Midlane som vart samla inn av skulen på internasjonal dag går til bring children stiftelsen.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (48)

  • 28.11.: Regionrådsmøte i Sund
                Møte med Sotra Sportsklubb om vidare utvikling
  • 29.11.: Møte med Høgskulen i Bergen
                Kontaktutvalet for næringslivet
  • 30.11.: Eigarmøte Gode Sirklar AS
                Integreringsrådet
  • 01.-02.12.: Barnevernskonferanse

Ordføraren neste veke (49)

  • 05.12.: Styremøte i KS Hordaland
                Gruppeleiarrmøte/gruppemøte
                Julebord med Klubb Knekten
  • 06.12.: Plansmie, 2. samling
                Komitemøte
  • 08.12.: Møte i førebuande fellesnemnd
  • 09.12.: Eigarmøte i BKK

 




Publisert: 02.12.2016 14:23
Sist endret: 02.12.2016 14:38