Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 49.



Tilrår 340 millionar i investeringar neste år

Komité for drift og forvaltning (KDF) gav på tysdag innstilling til budsjett for 2017. Dersom kommunestyret vedtek dette den 15. desember, skal det investerast for 340 millionar kroner neste år. Av andre saker kan nemnast tilråding om å verta medlem i «antikorrupsjonsorganisasjon.
Les meir.

Sluttbehandlar budsjettet

Torsdag den 15. desember gjer kommunestyret endeleg vedtak om årsbudsjett 2017, kommuneplanen sin handlingsdel 2017-2020 og økonomiplan 2017-2020. Driftsbudsjettet har ei ramme på 1,7 milliardar kroner. Det skal investerast for 340 millionar kroner dersom kommunestyret vedtek investeringsbudsjettet slik komitéen har innstilt.
Les meir.

Ønskjer samarbeid om digitalisering

- Bergen kommune ønskjer samarbeid med nabokommunane om digitalisering av offentleg sektor. Dette kan gjerast inn mot KS der vi gjer det klart at dette vil vi utvikla saman, sa kommunaldirektør Robert Rastad då førebuande fellesnemnd var samla til sitt andre møte i Sund kommunehus torsdag ettermiddag.
Les meir.

Plan for Mabbursvegen klar for sluttbehandling

Komité for plan og utvikling (KPU) går inn for at kommunestyret godkjenner detaljreguleringsplan for Mabbursvegen, Anglavika. Planen legg til rette for å byggja fem nye bustader med totalt seks brukseiningar. På møtet på tysdag behandla komitéen også fire klagesaker.
Les meir.

Plansmia Ågotnes: Fornya interesse for kystkulturen

- Det er ei ny interesse for det tradisjonelle og kulturarven. Dette var noko av bodskapen frå professor på Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB), Dag Jørund Lønning, på det andre møtet for plansmia Ågotnes på tysdag. Under temaet «Ågotnes og identitét» trekte Lønning dei store historiske linjene frå det tradisjonelle sterkt lokalprega samfunnet med fiskarbonden der det var nødvendig å bruka lokale ressursar for å overleva.
Les meir.

Ærleg og sjølvkritisk om Ida-saka

150 barnevernsmedarbeidarar i Askøy, Fjell, Sund og Øygarden og administrativ leiing var samla til felles kompetanseseminar på Flesland torsdag og fredag i sist veke. Dette var det andre fellesseminaret dei fire kommunane arrangerer saman. Kommunane har fått styrkingsmidlar frå Fylkesmannen til felles kompetanseheving på dette feltet.
Les meir.

Utstyrsleverandør til sjømatnæringen til bergensregionen?

Den svenske delen av eit stort internasjonalt selskap vurderer å etablera den norske avdelinga i selskapet i bergensregionen. Dette skriv Invester i Bergen på nettsida si. Selskapet har fått presentert moglege produksjonslokale i Askøy, Bergen og Fjell kommunar.
Les meir.

Barneverntenesta i Fjell i nye lokale

Frå 15. desember vert vi å treffa på Sartor Storsenter i 5. etg, inngang frå Gågata vis a vis Egon eller ta heis v/frisør Mon Ami. Tilgjenge vil vera noko avgrensa i flytte dagane, men barneverntenesta kan som vanleg kontaktast på tlf. 55 09 71 40.
Les meir.

Festframsyning for frivillige: Dagen då alle fekk reisa til sjøs for ein time

Torsdag 8. desember kl. 12 var det duka for fest i Sal 1 på Sotra Kino. Over 100 personar hadde funnet vegen til festen. Dei fleste frivillige, nokre tidlegare frivillige, men også nokre potensielle frivillige.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (49)

  • 05.12.: Styremøte i KS Hordaland
                Gruppeleiarrmøte/gruppemøte
                Julebord med Klubb Knekten
  • 06.12.: Plansmie, 2. samling
                Komitemøte
  • 08.12.: Møte i førebuande fellesnemnd
  • 09.12.: Eigarmøte i BKK

Ordføraren neste veke (50)

  • 12.12.: Bedriftsbesøk hos Norsk Gjenvinning
  • 14.12.: Prisutdeling «Stolt av eget språk»
  • 15.12.: Kommunestyret

 


Publisert: 09.12.2016 08:16
Sist endret: 09.12.2016 12:44