Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 50. Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Store investeringar i 2017

Det skal investerast for 340 millionar kroner i Fjell neste år. Det er klart etter at kommmunestyret på torsdag vedtok budsjettet for 2017. Driftsbudsjettet har ei ramme på om lag 1,7 milliardar kroner med eit mindreforbruk (overskot) på 1,4 millionar kroner.
Les meir.

Kåra vinnarar i skrivekonkurranse

Onsdag føremiddag vart dei tre vinnarane av skrivekonkurransen «Å vera ung på Sotra» kåra. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy kalla fram Hans Vilhelm Viksøy (1. plass), Anna Knutsen (2. plass) og Jakob Lie Frantzen (3. plass) framfor dei 40 elevane som var på plass i kultursalen i rådhuset. Jury var ingen ringare enn forfattar Frode Grytten.
Les meir.

Nye lokale for barnevernet

Denne veka flytta barneverntenesta i Fjell inn i nye lokale på Sartor Storsenter. Med dette vil dei 50 medarbeidarane få lokale sentralt på Straume.Barneverntenesta vert no å finna på Sartor Storsenter i 5. etg, inngang frå Gågata vis a vis Egon. Du kan også ta heis v/frisør Mon Ami.
Les meir.

Idédugnad om Sykkel-VM

Det handla om å få fram dei gode idéane då elevråda i skulane i Fjell i går var samla i Sotra Arena til «brainstorming» for å snakka om det lokale engasjementet knytt til Sykkel-VM. Etter at elevrepresentane hadde fått informasjon om Sykkel-VM, var det klart for gruppearbeid og dei gode idéane for eit ekte lokalt sykkel-engasjement.
Les meir.

Klart for Ung-prosjekt Tranevågen

Tysdag den 20 desember klokka 19 vert stolane i Sotra Arena fylt opp med eit forventingsfullt publikum. Elevane på Tranevågen ungdomsskule er klar for å presentera «Tranegalla-heilmaks underhaldning».
Les meir.

Draumebesøk på barneavdelinga på Haukeland

Frida Landro, som går på niande trinn på Tranevågen ungdomsskule, fekk denne veka oppfylt draumen sin. Draumen vart ein realitet då ho saman med tre vaksne MOT-folk fekk gje noko til dei ho er så glad i og som ho har ein inderleg ønske om skal verta friske. Då fekk ho gje «eit tonn med kjærleik».
Les meir.

Ny hovudbank

Fjell har fått nytt bankkontonummer. Fjell kommune har skifta hovudbank frå 14 desember.
Ny hovudbank er DNB, og det nye kontonummeret er 5261.05.00013.
Les meir.

Kartlegging av friluftslivsområde

Fjell kommune, Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) og Hordaland Fylkeskommune er snart ferdig med eit prosjekt som har som mål å kartlegge alle friluftslivsområda i kommunen. Fjell kommune er nå snart, i samarbeid med Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) og Hordaland Fylkeskommune ferdig med eit prosjekt som har som mål å kartlegge alle friluftslivsområda i kommunen.
Les meir.

Samhandlingsseminar for Kraftsenteret

Etter at Kraftsenter for inkludering vart etablert i april i år har vi funne at tida er moden til å samlast på tvers med fokus på korleis vi kan arbeide meire fagleg godt i saman og meire utnytte synergien som fins mellom dei ulike avdelingane og fagpersonell som er i Kraftsenteret.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy neste veke (50)

  • 12.12.: Bedriftsbesøk hos Norsk Gjenvinning
  • 14.12.: Prisutdeling «Stolt av eige språk»
  • 15.12.: Kommunestyret

 


Publisert: 16.12.2016 14:40
Sist endret: 16.12.2016 16:36