Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 51. Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Ver obs på mykje uvér i julehelga!

Det er meldt om eit lågtrykk sørvest for Island som utviklar seg til eit stormsenter. Måndag kveld er det venta storm og
kraftige vindkast i heile Sør-Noreg.
Les meir.

Matkassar til familiar

I dag overleverte Tremorkirken 30 store matkassar, like mange sekker med gaver og toalettvesker til barneverntenesta. Matkassane og gåvene skal fordelast til familiar som heilt sikkert vil setja stor pris på ei slik førjulsgåve.
Les meir.

Tranegalla i Sotra Arena

Nok ein gong kunne elevane på Tranevågen ungdomsskule avslutta semesteret med «heilmaks» underhaldning i Sotra Arena. Ja, denne gongen kan ein godt bruka uttrykket «heilmaks» når tonane og «rammeverket» stadig minna oss om gode gamle Olsenbanden.
Les meir.

Stengt bru i to timar på onsdag

Sotrabrua var stengt i to timar onsdag føremiddag etter at ein hengar på ein lastebil velta på brua. Dette førte til store køar på begge sider av brua.
Les meir.

Seminar om barnefattigdomssatsing

Arbeidsutvalet for barnefattigdomssatsinga i Fjell inviterer til halvdagseminar torsdag den 5. januar på Fjell rådhus. Der vil psykolog og forskar Tormog Bøe frå Uni Research Helse innleia om temaet barnefattigdom og aktuelle tiltak.
Les meir.

Kjendisjulenissen kom til Liljevatnet

Kulturskulerektor Bjørn Andersen har neppe gjeve klem til 116 elevar i løpet av 10 minutt nokon gong før. I dag fekk han oppleva dette då han opererte som kjendisjulenisse på den siste adventsamlinga på Liljevatnet skule.
Les meir.

Fagkonferanse - Saman mot mobbing

TRYGG I FJELL inviterer alle som ønskjer å bli inspirert og oppdatert på korleis møte mobbing og krenkande åtferd. Den 16. februar vert det invitert til storsamling i Sotra Arena.
Les meir.

Gebyr og brukarbetalingar 2017

Kommunestyret gjorde 15.12.2016 vedtak om gebyr og betalingssatsar for 2017. Les resultata av vedtaket her.
Les meir.

Språkkafè - Bli frivillig?

Bli med og snakk norsk med oss kvar onsdag frå kl. 13.00 - 15.00 på Fjell folkeboksamling. Vi serverer vaflar, kjeks, kaffi og te. Neste språkkafè er den 4. januar 2017.
Les meir.

 


Publisert: 23.12.2016 14:00
Sist endret: 22.12.2016 15:55