Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 1. Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.




Avviser alle klagene på plan for Sotrasambandet

Fylkesmannen i Hordaland har stadfesta vedtak i Fjell kommunestyre den 26. mai i år der områdereguleringsplan for Rv Sotrasambandet, Kolltveit - Bergen grense, vart godkjend. Departementet har delegert myndigheita som klageinstans til Fylkesmannen, og vedtaket til Fylkesmannen er endeleg og kan ikkje klagast på.
Les meir.

Sykkel-VM-lansering for næringslivet

Tysdag den 17. januar får næringslivet presentert korleis det kan ta del i den store folkefesten når Sykkel-VM går av stabelen i tida 16. – 24. september. Fjell og Øygarden kommunar vert på ein særleg måte involverte i arrangementet som følgje av at to av ritta startar i Øygarden og går gjennom Fjell før avslutninga i Bergen.
Les meir.

Seminar: Forskinga må visa om tiltaka virkar

Vel 70 medarbeidarar var samla til seminar i kultursalen i dag der temaet var tiltak mot barnefattigdom.
- Det er viktig at forskinga viser om tiltaka virkar, sa psykolog og forskar Tormod Bøe frå UNI Research Helse. I november/desember gjennomførte kommunane Fjell, Askøy, Sund og Øygarden ei undersøking av helse- og levekåra for barna i desse kommunane.
Les meir.

Gratis HPV-vaksine

Det vert delt ut Gratis HPV-vaksine til kvinner fødd 1991 - 1996. Frå november 2016 kan kvinner fødd 1991 - 1996 få gratis HPV-vaksine. Tilbodet er mellombels og varer i ein to-årsperiode frå hausten 2016. Hugs at du må ha med gyldig legitimasjon.
Les meir.

Pårørandekurs vinteren 2017

Det vert invitert til kurs for pårørande til personar med demens i perioden 25. januar til 15. februar 2017. Kursa vert haldne på Kleppestø, Rong, Straume og Skogsskiftet. Det vert gruppesamtale etter foredraga.
Les meir.

Dette skjedde i 2016

Også 2016 var eit år rikt på hendingar i Fjell. Nedanfor kan du lesa om litt av det som skjedde i kommunen vår og regionen.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandhal Bjorøy denne veka (01)

  • 02.01: Evaluering KKL (kriseleiinga) etter stormen 2. juledag
  • 03.01: Møte i politisk arbeidsutval
  • 04.01: Nyttårsmøtet til fylkesordføraren

Ordføraren neste veke (02)

  • 10.01: Møte med Hordalandsbenken på Stortinget
  • 12.01: Toppleiarmøte 2017 – Helse

 


Publisert: 06.01.2017 14:18
Sist endret: 06.01.2017 14:29