Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 2. Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Ønskjer utvida mandat for tilsetjing av prosjektleiar

I ei felles sak i dei tre kommunane Sund, Fjell og Øygarden, vert det innstilt på at førebuande fellesnemnd (for kommunesamanslåing) får utvida mandatet til å tilsetja prosjektleiar.
Formannskapet i Fjell skal behandla saka den 18. januar før ho går til endeleg behandling i kommunestyret.
Les meir.

Sluttbehandling for plan for Geitvika friluftsområde

Komité for plan og utvikling (KPU) skal på møtet den 17. januar ta stilling til detaljreguleringsplanen for Geitvika friluftsområde. Rådmannen går inn for å godkjenna planen. Endeleg vedtak vert gjort i kommunestyret.
Andre saker: Plan for Angeltveitsjøen og klagesaker.
Les meir.

Ønskjer samarbeid om barnevern

Rådmannen går inn for at Fjell kommune inngår samarbeid med Sund kommune om barneverntenesta. Komité for drift og forvaltning skal den 17. januar ta stilling til eit framlegg om å godkjenna ein avtale om vertskommunesamarbeid (kommunelova § 28-1e) mellom Sund og Fjell kommunar.
Andre saker: Forskottering av spelemidlar og samarbeid om barnevernsvakt.
Les meir.

Talte for Sotrasambandet

- Eg opplevde dette som eit nyttig møte. Det seier ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, då ho saman med kollegaer frå nabokommunane på tysdag møtte stortingsrepresentantane frå Hordaland («Hordalandsbenken»). Delegasjonen frå regionen var samansett av ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, Sund-ordførar Kari-Anne Landro, varaordførar i Fjell, Tom Georg Indrevik, rådgjevar i Fjell kommune Willy Sørensen og fjellordføraren.
Les meir.

Lokalt engasjement for Sykkel-VM

Onsdag kveld var representantar frå åtte lag og organisasjonar i Fjell samla på Knappskog skule for å planleggja arrangement for fansonene på Ågotnes og Kolltveit i samband med Sykkel-VM. Det mangla ikkje på engasjement og gode idéar som kan realiserast dei to store sykkeldagane vestom brua den 23. og 24. september.
Les meir.

Ekstremvarsel om høg vasstand på torsdag

Meteorologisk institutt meldte om ekstremt høg vasstand på Vestlandet sør for Stadt torsdag føremiddag. Vasstanden var venta å verta 65-80 centimeter høgare enn det som står i tidevasstabellen. Fjell kommune fekk ikkje inn melding om skade på kommunale anlegg.
Les meir.

Lukt og dårleg smak på vatn på Vindenes

FjellVAR meldte på tysdag om lukt og dårleg smak på vatnet for abonnentane på Breivikskårane på Vindenes. Det vart laga til ein tappekran i området for tapping av drikkevatn fram til vatnet vart meldt «friskt» på onsdag.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (02)

  • 10.01: Møte med Hordalandsbenken på Stortinget
  • 12.01: Toppleiarmøte 2017 – Helse

Ordføraren neste veke (03)

  • 16.01.: Møte i KS, fylkesstyre
  • 17.01.: Komitemøte
  • 18.01.: Kontaktutvalet for Sotrasambandet
                Formannskap
  • 19.- 20.01.: Fylkesmannen sin beredskapskonferanse

 


Publisert: 13.01.2017 10:47
Sist endret: 13.01.2017 10:55