Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 3. Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.




Seminar og kommunestyremøte

I forkant av behandlinga av saker i kommunestyret den 26. oktober, vert det seminar for kommunestyret om grunnbemanning, rekruttering, sjukefråvær og vikarpool.
Etter seminaret skal kommunestyret mellom anna behandla detaljregulering for Geitvika friluftsområd og samarbeid om barnevern.
Les meir.

Markerte nye lokale for Straume arbeidssenter

Sentrale politikarar, byråkratar og komité for drift og forvaltning fekk på tysdag vera med på markeringa for dei nye lokala for Straume arbeidssenter på Søre Straume. Dei nye lokala har vore i bruk ei tid etter utflyttinga frå dei gamle lokala ved Sartor Storsenter. Det var også synfaring på Straumehagen.
Les meir.

Føreslår ny vidaregåande skule på Bildøyna

Liegruppen meiner at den nye vidaregåande skulen på Sotra bør plasserast like nord for det planlagte krysset på Bildøyna. Jan Arthur Nilssen og Roy-Eddy Lie frå Liegruppen var på plass i formannskapet på onsdag og presenterte sine tankar om «Kunnskapskvartalet» som ein del av det framtidige Bildetangen (fase 2) for Sotra Kystby.
Les meir.

Tilrår utvida mandat for tilsetjing av prosjektleiar

Formannskapet går inn for at førebuande fellesnemnd (FF) får utvida mandatet til å tilsetja prosjektleiar for kommunesamanslåinga. Det er laga ei felles sak som skal behandlast i dei tre kommunane Sund, Fjell og Øygarden. Konkret vert det føreslått at FF får ansvar for prosessen fram mot tilsetjing og myndigheit til å gjennomføra sjølve tilsetjinga.
Les meir.

Positiv til samarbeid om barnevern

Komité for drift og forvaltning (KDF) ønskjer at Fjell kommune inngår samarbeid med Sund kommune om barneverntenesta. Komité for drift og forvaltning innstiller overfor kommunestyret at kommunen godkjenner ein avtale om vertskommunesamarbeid (kommunelova § 28-1e) mellom Sund og Fjell kommunar.
Les meir.

Tilrår for plan for Geitvika friluftsområde

Komité for plan og utvikling (KPU) går inn for at detaljreguleringsplanen for Geitvika friluftsområde vert godkjend. Endeleg vedtak vert gjort i kommunestyret. Formålet med planen er å opparbeida eit friluftsområde med badevik for allmenta. I tillegg er det i planen lagt inn eit kontorbygg som også vil fungera som eit servicebygg for badevika med toalett og parkering.
Les meir.

Presenterte Sykkel-VM for næringslivet

Peer Gynt-salen i Grieghallen var nesten fullsett på tysdag då representantar frå næringslivet mellom anna fekk møta Thor Hushovd, sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen og TV2-reportar Johan Kaggestad. Dagleg leiar i eventbyrået Possibility AS, Harold Sletten, presenterte ei rekkje «billettpakkar» for den store sykkelfesten i september.
Les meir.

Her er maskoten for Sykkel-VM

Sykkel-VM har inngått eit samarbeid med Vennebyen om at «Apa» i Vennebyen vert den offisielle maskoten for sykkelmeisterskapen. Karakterane til Vennebyen vert dermed ein viktig del av bybiletet under VM i bergensregionen 16. - 24. september. Avtalen inneber mellom anna at Vennebyen vert knytt opp til barneaktivitetane under VM.
Les meir.

Lærlingar på utdanningsmesse

Fjell kommune representerte lærlingordninga på utdanningsmessa i Sotra Arena denne veka. Lærlingane i Fjell kommune representerte desse faga: helse, IKT, kontor, institusjonskokk og barneungdomsarbeidarfaget. Nytt i år er at vi har fått byggdriftfaget godkjent som lærefag.
Les meir.

Følgjer opp brann på gamle Syltøy skule

Fjell kommune tek sikte på å få gymnastikkbygget ved gamle Syltøy skule tilbake i god stand etter brannen på sundag. Litt etter klokka 13 vart det meldt om brann i taket på gymnastikksalen. Ein time seinare meldte Sotra brannvern at brannen var sløkt.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (03)

  • 16.01.: Møte i KS, fylkesstyre
  • 17.01.: Komitemøte
  • 18.01.: Kontaktutvalet for Sotrasambandet
                Formannskap
  • 19.- 20.01.: Fylkesmannen sin beredskapskonferanse

Ordføraren neste veke (04)

  • 23 - 24.01.17.: Seminar i Trondheim; arbeidsgjevaransvar i omstillingsprosessar
  • 25.01.: Besøk hos SINTEF i Trondheim i regi av Gode Sirklar
  • 26.01.: Kommunestyre
  • 27.01.: Møte i Bergensalliansen, brannsamarbeid

 


Publisert: 20.01.2017 09:44
Sist endret: 20.01.2017 09:55