Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 4. Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.




Godkjende plan for Geitvika friluftsområde

Kommunestyret godkjende i går detaljreguleringsplanen for Geitvika friluftsområde.
Formålet med planen er å opparbeida eit friluftsområde med badevik for allmenta.
Andre saker i kommunestyret var samarbeid om barnevern og barnevernsvakt og arbeidsvilkår for dei folkevalde.
Les meir.

Ønskjer kultur for heiltidsstillingar

I forkant av behandlinga av dei politiske sakene i går, var kommunestyrerepresentantane samla til seminar der det mellom anna vart snakka om korleis det skal arbeidast for ein heiltidskultur i omsorg.
- Målet er faste og heile stillingar, sa ein engasjert seksjonsleiar for Bemanningssenteret på Haukeland universitetssjukehus (Helse Bergen), Britt Velsvik. Frå KS Hordaland deltok Astrid Toft. Frå Fjell kommune var det innlegg ved omsorgssjef Line Barmen, personalsjef Lisbeth Grosvold og personalrådgjevar hjå Omsorgssjefen, Janne Mo.
Les meir.

Besøk frå Danmark

På fredag denne veka fekk Fjell kommune nok eit besøk frå Danmark. Denne gongen var det byråkratar frå Hovedstaden København som hadde teke turen til Fjell for å få informasjon om samhandling i helse og omsorg og informasjon om fastelegeordninga.
Les meir.

Kommunikasjon i kvardagen

Den 12. januar vart det gjennomført kurs i regi ASK-nettverket i Fjell kommune i kultursalen i Fjell rådhus. (ASK: Alternative og/eller supplerande kommunikasjonsformer). Kurset vart arrangert for familiar og personale knytt til barn som nyttar alternativ og supplerande kommunikasjon.
Les meir.

Kurs i livsstil og meistring

I mars er det oppstart av kurs i livsstil og meistring i regi av Friskiliv Fjell.
Har du ein kvardag som er prega av helseutfordringar? Ønskjer du meir kunnskap og å treffe andre og dele erfaringar? Her er gode kurstilbod for deg.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (04)

  • 23 - 24.01.17.: Seminar i Trondheim; arbeidsgjevaransvar i omstillingsprosessar
  • 25.01.: Besøk hos SINTEF i Trondheim i regi av Gode Sirklar
  • 26.01.: Kommunestyre
  • 27.01.: Møte i Bergensalliansen, brannsamarbeid

Ordføraren neste veke (05)

  • 30.01.:  Representantskapsmøte i Sotra og Øygarden Brannvern
                 Møte om kommunalt samarbeid for veteranar i bergensormådet-Bergen
  • 01.02.: Styringsgruppe, Regional areal- og transportplan
                Besøk Språkkafeen, Fjell folkeboksamling 
  • 02.02.: Møte med NIBR By- og regionsforsking
                Trigger AS, møte med styret                                  

 

 


Publisert: 27.01.2017 14:06
Sist endret: 27.01.2017 14:27