Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 5. Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Bompengesaka klar for behandling

Statens vegvesen føreslår ein takst på om lag 39 kroner inklusive rabatt for køyretøy i taksgruppe 1 for Sotrasambandet. Ein av grunnane til at prisen vert lågare enn dei 45 kronene som det var lagt opp til tidlegare, er at nedbetalingstida er auka frå 15 til 20 år. Dette går fram i brevet Statens vegvesen denne veka har sendt til fem kommunar og fylkeskommunen.
Les meir.

Vonar styresmaktene prioriterer Sotrasambandet

Saka om utbyggings- og finansieringsopplegg for Sotrasambandet vert behandla i formannskapet den 8. februar. Rådmannen skriv i saksutgreiinga at han vonar dei sentrale styresmaktene (Vegdirektoratet og Samferdsledepartementet) prioriterer arbeidet med stortingsproposisjonen slik at Stortinget kan gjera vedtak før sommaren 2017.
Les meir.

Trafikken over Sotrabrua aukar

For første gong har gjennomsnittleg månadsdøgntrafikk over Sotrabrua passert 30 tusen køyretøy (pr. døger). I juni 2016 var den gjennomsnittlege trafikkmengda 30 309 køyretøy. Ein del av forklaringa på dei høge trafikktala i juni kan forklarast med at heile 38 577 bilar køyrte over brua den 16. juni då Sartor Storsenter hadde nyopning.
Les meir.

Vurderer fri skuleskyss for tre vegstrekningar

Komité for drift og forvaltning skal på møtet den 7. februar ta stilling til om ungdomsskuleelevar som bur på Ekrhovda skal få fri skuleskyss fram til Fjell ungdomsskule. Komitéen skal også ta stilling til om elevar som bur sør for Bjorøy skule i retning Tyssøyna skal få fri skuleskyss. FAU ved Landro skule har bedt om ny vurdering av skulevegen frå Vindenes til Landro skule via Landrodalen.
Komitéen skal også prioritera mellom søknader om tilskot til arbeid mot barnefattigdom.
Les meir.

Plan for 178 bustadeiningar på Ågotnes

Rådmannen går inn for at detaljreguleringsplan for Valderhaugane på Ågotnes skal leggjast ut til offentleg ettersyn. Komité for plan og utvikling (KPU) skal ta stilling til dette på møtet den 7. februar.
Andre saker; plan for Heimtun, Straume, plan for Snekkevikneset og klagesaker.
Les meir.

Besøkte Straume etter å ha tildelt bustadpris

I går var to representantar frå Norsk Bolig- og Byplanforening (Norsk BOBY) på besøk i Fjell for å verta kjent med utviklinga av Sotra Kystby og korleis Sartor Storenter vert utvikla frå kjøpesenter til bysentrum. Den 7. november vart prosjektet «Straume sentrum» kåra som vinnar av Bolig- og byplanprisen (BOBY-prisen 2016).
Les meir.

Delte ut filmprisar til ungdomsskuleelevar

Det var stor stas og nærast fullt i sal 2 i SF Kino Sotra i går føremiddag då det vart delt ut fire filmprisar til dei fem klassane på Fjell ungdomsskule som deltok i Skulefilmfestivalen i Fjell.
To niandeklassar og tre tiandeklassar har delteke på Skulefilmfestivalen som er eit filmkurs for elevar i ungdomsskulen. Dette har BIFF (Bergen Internasjonale Filmfestival) og NFI (Norsk Filminstitutt) via Vest Norsk Filmsenter drive i Bergen i fleire år, men i 2015/2016 er det for første gong gjennomført i Fjell.
Les meir.

Engasjert kurs om kulturforståing

Den 26. og 27. januar var vi samla ca. 50 deltakarar frå ulike avdelingar (rettleiarteam barnehage og skule, helsesøstre, Kraftsenteret, lærarar frå innføringsklassane, m.fl.), på kurs med Nuray Gullestad og Chiku Ali. Nuray er regional koordinator for IMDi (Integrerings- og Mangfoldsdirektoratet) vest, Chiku Ali er spesialkonsulent ved RVTS (Regionalt Senter Vold og Traumatisk Stress). Kurset handla om kulturforståing med fokus på kjønnslemlestelse og tvangsekteskap.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (05)

  • 30.01.: Representantskapsmøte i Sotra og Øygarden Brannvern
                Møte om kommunalt samarbeid for veteranar i bergensormådet-Bergen
  • 01.02.: Styringsgruppe, Regional areal- og transportplan
                Besøk Språkkafeen, Fjell folkeboksamling 
  • 02.02.: Møte med NIBR By- og regionsforsking
                Trigger AS, møte med styret

 Ordføraren neste veke (06)

  • 07.02.:  Nasjonal beredskapskonferanse
                 Komitemøte
  • 08.02.:  Formannskapsmøte
  • 09.02.:  Havnerådet
  • 11.02.:  Kultur-  og idrettsgalla

 


Publisert: 03.02.2017 12:48
Sist endret: 03.02.2017 12:57