Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 7. Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?




Kunnskapsministeren: -Antimobbearbeidet har ikkje fungert godt nok

- Vi veit i sum at antimobbearbeidet ikkje har fungert godt nok. Det er farleg å seia at «her er det ikkje mobbing». Dette er eit kontinuerleg arbeid som aldri må stoppa, sa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen då han fekk ordet på fagkonferansen i Sotra Arena «Saman mot mobbing» torsdag føremiddag.
Les meir.

Kunnskapsmininisteren besøkte Knappskog skule

Det var stor stas på torsdag då kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen troppa opp på Knappskog skule for verta kjent med prosjektet «Digg læring». Statsråden fekk innføring i bruk av ny læringsteknologi i innføringsklassane, lese- og skriveopplæring på det første årstrinnet som ein del av «Digg læring» og møte med sjette årstrinn som i fjor starta med digital undervisning.
Les meir.

Foreldremobilisering mot mobbing

Godt over tusen foreldre frå Sund, Fjell og Øygarden troppa opp i Sotra Arena onsdag kveld for å få med seg Bruk Hue-foredrag og panelsamtalar om temaet var mobbing. I løpet av onsdag og torsdag samlast opp mot fem tusen elevar, foreldre og andre interesserte til storsamlingar og konferanse i «Saman mot mobbing.
Les meir.

Storsamlingane «Saman mot mobbing» er i gang

Ole Roger Vestøyl i Bruk Hue fekk god kontakt med dei 1 100 sjette- og sjuandeklassingane som var samla i Sotra Arena klokka halv ti på onsdag. Seinare på dagen kom 1 600 ungdomsskuleelevar og fekk møta både Ole frå Bruk Hue og Kjartan Eide frå Kjetil og Kjartans tips mot mobbing. På desse to samlingane i regi av Trygg i Fjell i dag har 2 800 elevar fått med seg god lærdom om dette viktige temaet.
Les meir.

Stort engasjement for rydding i strandsona

- Dette er berre starten på ein rein kyst. Dei som trur at dette skal ta slutt, dei tek feil. Vi gjer dette for dei komande generasjonane. Dei som kjem etter oss, skal ikkje overta ein bosshaug, sa Kenneth Bruvik i Norges Jeger- og Fiskeforbund då han avslutta folkemøtet i kultursalen i Fjell rådhus torsdag kveld.
Les meir.

Tore Turøy fekk Kulturprisen 2016

Bakscenen på Straume var fylt til siste plass laurdag kveld då kulturen og idretten i Fjell skulle heidrast. Kulturprisen 2016 gjekk til Tore Turøy, medan Tilgjengeprisen gjekk til Sotra Arena v/ Eigedomssjefen. Sotra og Øygarden Turlag fekk to prisar; Frivilligprisen og Folkehelseprisen.
Les meir.

Grundig grunnopplæring i arbeidsmiljø

Det handla om demokrati på arbeidsplassen då 23 leiarar og verneombod var samla på Knappskog skule på måndag. Dette er første dagen i eit fem dagar langt kurs i grunnopplæring i arbeidsmiljø. Jurist på Arbeidsmiljøsenteret, Hilde Hus Svanevik, var kursleiar. Kurset gjekk over fem dagar og vart avslutta på fredag.
Les meir.

Prioriterer søknader om skjønsmidlar

Styret i Regionrådet Vest skal den 20. februar gjennomgå og prioritera mellom seks søknader om skjønsmidlar frå staten. Fylkesmannen skal totalt fordela 32,4 millionar kroner til prosjekt og generell fordeling.
Les meir.

Nybrottsarbeid for innbyggjarane

Kommunane Askøy, Fjell, Øygarden og Lindås har funne vegen for framtidas omsorgstenester. Onsdag 15. februar signerte kommunane ein avtale med Atea om heilt ny velferdsteknologi. Målet med teknologien er å gi eldre og andre som treng til å bu heime lengst mogleg.
Les meir.

Oppstart av arbeidet med friluftsplassen ved Larslivatnet

Turvegen mellom Foldnes og Hjelteryggen, med namnet Kyrkjevegen, er eit svært populært turområde i Foldnesmarka. Ved etablering av et flott turmål og ein friluftsplass ved steinbrua og vatnet, vil turopplevinga for folk verta endå større og er ein viktig del av folkehelsesatsinga i Fjell kommune. No startar arbeidet med friluftsplassen ved Larslivatnet.
Les meir.

Læreplasskonferanse i Grieghallen

Torsdag 10. februar vart det arrangert Læreplasskonferanse i Grieghallen for 1300 elevar frå vidaregåande skular i Hordaland. Denne konferansen er med å synleggjera alle lærebedriftene i kommunane. Likeeins at kommunen bryr seg om alle!
Les meir.

Heidra for lang og tru teneste i Fjell kommune

Den 31. januar ønskte personalsjef Lisbeth Grosvold 70 gjester i kultursalen i Fjell rådhus velkomen til fest der jubilantar skulle heidrast. Markeringa gjaldt dei som har arbeidd i kommunen i 40, 30 og 25 år.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (07)

  • 13.02.: Møte med Ran Seilforening
  • 14.02.: Besøk av olje- og energiminister Terje Søviknes i regi av HOG energi
  • 15 – 16.02.: Konferanse – Trygg i Fjell
  • 16.02.: Regional areal- og transportplan (arbeidsmøte)

 


Publisert: 17.02.2017 12:08
Sist endret: 17.02.2017 12:24