Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 6. Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Tilrår finansieringsopplegget for Sotrasambandet

Formannskapet gjekk med åtte mot eí røyst (Frp) på onsdag inn for rådmannen sitt framlegg til utbyggings- og finansieringsopplegg for Sotrasambandet. Frp røysta for sitt eige framlegg om å visa til at Sotrasambandet er så viktig at det må fullfinansierast av staten og at staten dermed må leggja fram ein finansieringsplan utan bompengar. Saka går no vidare til behandling i kommunestyret.
Les meir.

Vil redusera høgde på blokker

Komité for plan og utvikling vedtok på tysdag at plan for Heimtun, Straume, vert lagt ut til offentleg ettersyn. Det vart likevel vedteke å innarbeida i planen at blokkene må reduserast med eín etasje.
Andre saker: Plan for 178 bustadeiningar på Ågotnes, lokal fartsforskrift til sjøs og klagesaker.
Les meir.

Prioriterte søknader om tilskot mot barnefattigdom

Komité for drift og forvaltning (KDF) vedtok i går å prioritera Opplevelseskortet, Basecamp og Way Forward sine søknader om tilskot til tiltak mot barnefattigdom. Det kom inn tre søknader, og komitéen prioriterte i same rekkjefølgje som i fjor.
Elles vedtok komitéen å gje fri skuleskyss for tre vegstrekningar.
Les meir.

Storstilt aksjon med rydding i strandsona

Bileta av den avliva gåsenebbkvalen fylt med plast, har engasjert og opprørt mange. Kultursjefen i Fjell har teke initiativ til å starta ein storstilt ryddeaksjon i strandsona i samarbeid med mellom anna Bergen og Omland Friluftsråd, Sotra og Øygarden Jeger- og Fiskeforening og FjellVAR.
Les meir.

Frivilligforum

Er du eller vil du bli frivillig? Fjell frivilligsentral ønskjer velkomen til FRIVILLIGFORUM på biblioteket, Sartor Storsenter.
Tema for kvelden: Grunnleggjande kunnskap knytt til tryggleik, beredskap og førstehjelp v/Fredrik Mathisen frå Fjell Røde Kors.
Les meir.

Frivillig arbeid på Kvednatunet er ingen spøk

Har nokon først tråkka innom Kvednatunet for å gjere frivillig arbeid, då kjem dei seg ikkje i frå. Beviset for det såg vi måndag kveld. 37 frivillig hadde meldt seg på den årlege festen Kvednatunet arrangerer for dei frivillige.
Les meir.

Kortreist mat på Kvednatunet

No legg matlukta seg i gangen og i Bufellesskap 2 kvar dag på Kvednatunet. Kokken Vibeke rører i grytene måndag til fredag, og gjer alt klart til maten blir henta litt før fire. I helga tek helgevaktene på seg forkle, og riggar til middag.
Les meir.

Misje-elevar samla 11 sekker med boss

I løpet av ei føremiddagsstund samla dei eldste elevanepå Misje skule 11 sekker med boss/plast i strandsona. Den mykje omtala kvalen med plastposar i magen har fått stor merksemd i media. Denne historia har også påverka elevane ved Misje skule.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (06)

  • 07.02.: Nasjonal beredskapskonferanse
                Komitemøte
  • 08.02.: Formannskapsmøte
  • 09.02.: Havnerådet
  • 11.02.: Kultur- og idrettsgalla

Ordføraren neste veke (07)

  • 13.02.:  Møte med Ran Seilforening

  • 14.02.:  Besøk av olje- og energiminister Terje Søviknes i regi av HOG energi

  • 15 – 16.02.:  Konferanse – Trygg i Fjell

  • 16.02.:  Regional areal- og transportplan (arbeidsmøte)

 

 


Publisert: 10.02.2017 13:16
Sist endret: 10.02.2017 13:25