Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 8. Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Ja til finansieringsopplegg for Sotrasambandet

Med 31 mot fire røyster (Frp) slutta kommunestyret seg i går til utbyggings- og finansieringsopplegg for Sotrasambandet. Frp røysta for sitt eige framlegg om at prosjektet må fullfinansierast av staten. Det er lagt til ein takst på om lag 39 kroner inklusive rabatt for køyretøy i taksgruppe 1. Ein av grunnane til at prisen vert lågare enn dei 45 kronene som det var lagt opp til tidlegare, er at nedbetalingstida (bompengeperioden) er auka frå 15 til 20 år.
Les meir.

Ønskjer å delta i demokratiprosjekt

Førebuande fellesnemnd (FF) ønskjer å delta i prosjektet «Fornying og utvikling av lokaldemokratiet i kommunar med vedtak om samanslåing». Dette er konklusjonen etter at spørsmålet vart reist på møtet i FF i Øygarden på måndag. På møtet vart det også lagt fram ei kartlegging over korleis IKT er organisert i dei tre kommunane.
Les meir.

Prioriterte søknader om skjønsmidlar

På møtet på måndag prioriterte styret i Regionrådet Vest mellom åtte søknader om skjønsmidlar frå staten. Fylkesmannen skal totalt fordela 32,4 millionar kroner til prosjekt og til generell fordeling. Styret drøfta korleis regionrådet skal brukast i åra som kjem.
Les meir.

Lokal nettside for Sykkel-VM

Onsdag føremiddag denne veka kunne ordførarane i Sund, Fjell og Øygarden skjera solide stykke av den lokale Sykkel-VM-kaka. Dei tre kommunane i regionen presenterte den felles nettsida Sykkel i Vest, Facebookside og Instragram.
- Vi ønskjer at denne sida ikkje berre skal vera ei lokal Sykkel-VM-side, men ei nettside som synleggjer arven etter at Sykkel-VM er over. Målet er å fremja sykkelbruk, sa den lokale sykkelsjefen i Fjell, kultursjef Lennart Fjell.
Les meir.

Stengjer administrasjonsfløy etter vasslekkasje

Delar av det eldste bygget på Foldnes skule vert stengt i opptil to månader etter vasslekkasje. Rektor Ragnhild Knudsen Magerøy er klar på at dette ikkje skal redusera kvalitéten på undervisninga. No startar ein lengre periode med tørking av delar av det eldste (raude) bygget på skulen.
Les meir.

Tilskot til kultur, idrett og friluftsliv

Fjell kommune administrerer ulike tilskotsordningar, som i hovudsak er retta mot frivillige og ideelle medlemsorganisasjonar i Fjell. Det er eit krav at organisasjonen er registrert i frivilligregisteret/einingsregisteret slik at søkjar har eit organisasjonsnummer å visa til.
Les meir.

- Vi tek gjerne utfordringa frå Askøy og Os

I midten av april startar ein aldri så liten kommunekamp mellom Askøy, Os og Fjell. Dei tre kommunane er medlemer i Bedriftsidretten i Hordaland, og mellom den 19. april og den 17. juni handlar det for dei tilsette i kommunane om å registrera all sykling og annan aktivitét i kampanjen «Sykle til jobben».
Les meir.

Basecamp treng verkstad eller stor garasje

Vi leitar etter deg som ønskjer å verta med på å hjelpa ungdom som likar å mekka på moped, motorsykkel eller bil. Vi treng sårt ein stad å vera, som kan vera tilgjengeleg for desse flotte ungdomane våre her på Sotra. Er det nokon som har eit lagerlokale eller garasje/verkstad som vi kan få lov til å nytta oss av?
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (08)

  • 20.02.: Møte i førebuande fellesnemnd
                Møte i Regionrådet Vest
  • 21.02.: Kontaktutvalet for næringslivet
                Møte med kontrollutvala i Fjell, Sund og Øygarden
  • 22.02.: Lansering av nettsida «Sykkelivest»
                Møte med fylkesutvalet på CCB – basen
  • 23.02.: Møte med Fylkesmannen i Hordaland
                Møte i politisk arbeidsutval
                Kommunestyremøte
  • 24.02.: Møte med Bergen Næringsråd
                Møte med Marin Eide
                Bossrydding med Jonas Gahr Støre og Fjell Jeger- og fiskerforbund

Ordføraren neste veke (09)

  • 01.03.: Møte med Brødr. Sunde AS
  • 03.03.: Ekstraordinært møte i hamnnerådet

 


Publisert: 24.02.2017 14:26
Sist endret: 24.02.2017 14:37