Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 9. Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Avsperra området ved gjenbruksstasjon på Straume

Litt før klokka 14 på måndag måtte området ved gjenbruksstasjonen avsperrast. Bakgrunnen var funn av dynamitt. Eit par timar seinare kunne politiet oppheva sperringa. Politiet opplyste at det vart teke hand om dynamitten og at det ikkje lenger var nødvendig å sperra av området. Det vart ikkje nødvendig å gjennomføra noko omfattande evakuering.
Les meir.

Gjev uttale til areal- og transportplanar

Formannskapet skal på møtet den 8. mars drøfta kva høyringsfråsegner kommunen skal gje til to areal- og transportplanar utarbeidd av Hordaland fylkeskommune. Både når det gjeld denne planen og planen for bergensområdet meiner rådmannen at ein ikkje ønskjer ein plan som søkjer å heimla retten til å gje motsegn mot planar og vedtak i primærkommunane.
Andre saker: Kartlegging av området kring Fjell festning og demokratiprosjekt knytt til kommunereforma.
Les meir.

Fordeler pengar til trafikksikring, kaiar og vegar

Komité for drift og forvaltning (KDF) skal på møtet den 7. mars fordela pengar til trafikksikring og utbetring av vegar. I tillegg er det forslag om å fordela midlar til utbetring av kaiar. Kommunestyret har i investeringsbudsjettet for 2017-2020 sett av 10 millionar kroner til vegutbetring, sju millionar kroner til trafikksikring og 600 tusen kroner til utbetring av kaiar.
Les meir.

Plan for Nordre Lia, Anglavika, klar for høyring

Rådmannen går inn for at framlegg til detaljregulering for Nordra Lia, Anglavika, vert lagt ut til offentleg høyring. Komité for plan og utvikling behandla saka på møtet den 7. mars.
Planområdet for Nordre Lia er på 17 dekar og ligg på Anglavika, fire kilometer frå regionsenteret Straume. Formålet med planarbeidet er å leggja til rette for bygging av totalt 30 bustadeiningar som konsentrerte bustader, infrastruktur, felles uteopphaldsareal og leikeplass.
Les meir.

Seminar om radikalisering og ekstremisme

Tysdag den 25. april vert det invitert til fagseminar i Fjell kulturhus på Straume der temaet er nedkjemping av radikalisering og valdeleg ekstremisme i regionen vår. Målgruppe er tilsette i kommunane Sund, Fjell og Øygarden, politiet og andre som er engasjert i frivillig arbeid. Det er Fjell kommune og politiet som inviterer til seminaret.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (09)

  • 01.03.: Møte med Brødr. Sunde AS
  • 03.03.: Ekstraordinært møte i hamnnerådet

Ordføraren neste veke (10)

  • 07.03.: Komitemøte
  • 08.03.: Opning av Cirkle K. Fjell, Statoil Formannskapet
  • 10.03.: Politirådet

 


Publisert: 03.03.2017 10:59
Sist endret: 03.03.2017 11:17