Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 11. Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.




Den store gründerdagen

Det handla om gründerskap, nytenking, ungdom og framtidstru då Gründerparken Vest og Energimessa 2017 vart offisielt opna i dag. Det var statssekretær i Arbeids- og sosialdepartementet, Morten Bakke, som stod for den offisielle opninga av parken og messa.
- Vi treng nye gründerar som utviklar arbeidsplassar for framtida, sa Bakke då ha kunne presentera den flotte oppslagstavla ved inngangen. Den store gründerdagen vart avslutta med Energimessa der elevar frå Sotra vidaregåande skule, tre ungdomsskular og Knappskog skule presenterte spennande elevarbeid.
Les meir.

Drøftar fylkesplanar

Kommunestyret skal på møtet den 23. mars ta stilling til to framlegg til fråsegn om to fylkesplanar som handlar om areal og transport. Den 8. mars gjekk formannskapet inn for at kommunen vedtek ein uttale der Fjell er kritisk til framlegget til «Regional transportplan Hordaland 2018-2029". I uttalen heiter det at Fjell kommune kan koma til å fremja motsegn mot planen dersom han ikkje vert justert etter høyringa.
Les meir.

Opna ny uteleikeplass på Tussetjødna barnehage

Tysdag den 14. mars var det markering av Barnehagedagen i heile landet. Barnehagedagen er ei årleg markering der barnehagene opnar dørene for andre, for å visa og synleggjera aktivitetane i barnehagen. Tema i år, var leik og betydninga leiken har for venskap. Undersøkingar viser at det barn sjølv trekkjer fram som det viktigaste for trivselen deira, er leik og det å ha vener å leika med.
Les meir.

Vi vil leike!

Tysdag 14. februar vart barnehagedagen markert i Hamramyra barnehage og mange andre barnehagar rundt om i landet. Årets tema har vore «Vi vil leike!» der leiken og leikens betyding for vennskap har vore i fokus. Denne dagen pynta vi ekstra i barehagen og gjorde det innbydande for barn og foreldre.
Les meir.

Sundagsope under Sykkel-VM

Fylkesmannen har innvilga dispensasjon frå helligdagslova slik at forretningar i Bergen, Askøy, Fjell og Øygarden kan halda ope på sundagar under Sykkel-VM i perioden 16. – 24. september. Det er kome inn fire søknader om dispensasjon frå kommunar og butikksenter. Hovudregelen er at utsalsstader skal vera stengde på helgedagar, men at det kan gjevast dispensasjon frå dette påbodet når det ligg føre «særlege grunnar».
Les meir.

Får 600 tusen kroner til symjeopplæring

Fylkesmannen har tildelt 600 tusen kroner i symjeopplæring i Vestkantsvømmerne for 2017. Tilskotet skal dekkja kostnader med symjeopplæring for barnehagebarn i Fjell.
- Eg er svært glad for desse midlane. Dette gjev oss høve til å gje symjeopplæring og leggja til rette for at alle femåringane kan verta trygge i vatn før skulestart, seier barnehagesjef Margun Landro.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (11)

  • 14.03.: Møte v/Møbelringen Cup
  • 15.03.: Fagdag, helse og omsorg
                Møte i hovedkomiteen Sykkel-VM
  • 16.03.: VNR-treff
                Opning av Grunderparken
                Besøk på engergimessa på Sartor Storsenter

Ordføraren neste veke (12)

  • 03.17.: Fylkesstyremøte i KS
  • 22.03.: Fagdag, helse og omsorg
                Møte med utdanningsdirektøren i Hordaland fylkeskommune
  • 23.03.: Kommunestyre
  • 24.03.: Eigarmøte i Bergen havn AS

 


Publisert: 17.03.2017 11:10
Sist endret: 17.03.2017 14:00