Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 12. Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Kommunestyret vurderer motsegn mot fylkesplanar

Kommunestyret i Fjell er kritisk til framlegga til dei fylkeskommunale planane «Regional areal- og transportplan for Bergensområdet 2017-2028» og «Regional transportplan Hordaland 2018-2029". På møtet i går vart det semje om ei formulering for begge planane om at «Kommunestyret har von om semje med fylkeskommunen om dette. Kommunestyret vil samstundes varsle at ein vil vurdere å fremje motsegn etter § 8.4.2 i plan- og bygningslova om ein ikkje kjem til ei sams forståing om dette.»
Les meir.

Drøftar kommunen som arbeidsgjevar

Måndag den 27. mars er Sund kommune vertskap for det fjerde møtet i førebuande fellesnemnd (FF). Denne gongen skal fellesnemnda mellom anna drøfta politiske føresetnader for etablering av den nye kommunen. Utgangspunktet for denne drøftinga er intensjonsavtalen kapittel 11 som omhandlar kommunen som arbeidsgjevar. Det vert innleiing og gruppearbeid.
Les meir.

Fjell må vurdera revisjon av budsjettet

Fylkesmann Lars Sponheim meiner at Fjell kommune om nødvendig må gjennomføra budsjettrevisjon etter første tertial ( 30.04.) og justera ned budsjetterte frie inntekter (skatteinntekter og rammetilskot). I brevet der han gjennomgår budsjettet for 2017 skriv han også at det må vera ei målsetjing å få eit større netto driftsoverskot enn i opphavleg vedteke budsjett for 2017.
Les meir.

Lokale Sykkel-VM-songar

På torsdag (23. mars) var det nøyaktig seks månader til det første rittet i Sykkel-VM i regionen vår. Lokalt er det produsert fleire lokale Sykkel-VM-songar. Den første lokale Sykkel-VM-songen vi presenterer er Helge Andreas Pareli Notland som saman med koristar frå Fjell kulturskulekor har laga songen «Let´s go for a ride». Som artist går han under namnet Andreas Pareli.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (12)

  • 21.03..: Fylkesstyremøte i KS
  • 22.03.: Fagdag, helse og omsorg
                Møte med utdanningsdirektøren i Hordaland fylkeskommune
  • 23.03.: Kommunestyre
  • 24.03.: Eigarmøte i Bergen havn AS

 


Publisert: 24.03.2017 12:08
Sist endret: 24.03.2017 12:12