Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 13. Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Føreslår å kjøpa Vestnytt-bygget

Rådmannen føreslår at Fjell kommune kjøper kontorbygget til Vestnytt på Skjenet 2 for 15 millionar kroner. Komité for drift og forvaltning (KDF) skal på møtet gje innstilling i saka.
Elles føreslår rådmannen at Fjell kommune overfører ei grunnflate i Straume Idrettspark til Sotra Sportsklubb slik at klubben kan få realisert planane om turnhall. Komitéen skal også drøfta organisering av Fjell frivilligsentral.
Les meir.

Skulebygg på Knappskog kan verta husvære

Planane for å gjera om Knappskog gamle skule til leilegheitsbygg er no klare for sluttbehandling. Rådmannen går inn for at framlegget til detaljregulering vert godkjent med dei endringane som går fram av saksutgreiinga. Saka vert endeleg behandla i kommunestyret, men skal først opp i komité for plan og utvikling (KPU) den 4. april.
Les meir.

Kjøp av utleigebustader er forankra i vedtak

På bloggen Tunnelsyn er det fleire innlegg med påstandar om at leiar i komité for drift og forvaltning, Ernst Einarsen, blandar rolla som næringslivsaktør og politikar når det gjeld Fjell kommune sitt kjøp av 18 utleigebustader i Straumehagen. Rådmannen ønskjer ikkje å gå inn i nokon polemikk med Tunnelsyn, men finn det rett å informera om kva som er grunnlaget for Fjell kommune sitt arbeid med å skaffa tilrettelagde bustader.
Les meir.

Drøfta arbeidsgjevarpolitikk

Hovudtema på det fjerde møtet i førebuande fellesnemnd (FF) for kommunereforma på måndag denne veka var arbeidsgjevarpolitikk, personalreglement og løns- og arbeidsvilkår. Ei arbeidsgruppe peikar på det er skilnader mellom kommunane innan område som arbeidstid og tidsregistrering for kontortilsette, pensjonsordningane, retningslinjer for mellombels tilsetjing, HMR-system (løns- og personalsystem) og personforsikringar.
Les meir.

Føreslår modellar for utbyggingsavtalar

Rådmannen går inn for at Fjell kommune tek i bruk nye modellar for utbyggingsavtalar. Saka skal opp til behandling i formannskapet den 5. april. I eit framlegg om prinsippvedtak føreslår han at Fjell kommune tek i bruk justeringsmodellen og endrar retningslinjene for bruk av utbyggingsavtalar og bruk av fondsmodell i utbyggingsavtalar for å sikra framtidig finansiering av store fellestiltak i utbyggingsområde og at det vert opna for kommunal forskotering.
Les meir.

Ønskjer framlegg til kandidat til Johannes Kleppevik sitt minnefond

Stiftinga Johannes Kleppevik sitt minnefond er i samarbeid med Sund kommune basert på midlar frå Sparebanken Vest. Stiftinga sitt føremål er å fremja kystkulturen i Hordaland.Kvart år vert det delt ut ein minnepris som går til einskildpersonar, lag eller organisasjonar som på ein framifrå måte har fremja kystkulturen i Hordaland.
Les meir.

Teater- og musikalfestival

Laurdag 1. og sundag 2. april vert det Teater- og musikalfestival i Fjell kultursal.
Les meir.

Foredrag senioruniversitetet

4. april vert det foredrag om Oselvaren i Sotra Arena kl. 12.00. Foredraget vert halde av Kjell Magnus Økland. Han er forfattar, journalist, fotograf, kulturhistorikar, foredragshaldar og seglinstruktør.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (13)

  • 27.03.: Møte i førebuande fellesnemnd (kommunereforma)
                Dialogmøte med FjellVAR
  • 28.03.: Kontrollutvalet
  • 29.03.: Felles MOT-styremøte for Fjell, Sund og Øygarden
                Møte med Nordre Fjell IL

Ordføraren neste veke (14)

  • 03.04.: Liljevatne skule, feiring av vinnarane av 12 rette-konkurransen i regi av Radio
                Sotra
  • 04.04.: Ordførarsamling i Oslo
  • 05 - 06.04.: Kommunalpolitisk møte i Oslo

 


Publisert: 31.03.2017 12:20
Sist endret: 31.03.2017 12:31