Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 14. Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Nasjonal transportplan: 5,1 milliardar til Sotrasambandet

Det er sett av 5,1 milliardar kroner til Sotrasambandet i framlegget til Nasjonal transportplan. Dette samsvarar med det som kom fram tidlegare i vinter. Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen presenterte planen på onsdag.
Les meir.

Tilrår å kjøpa Vestnytt-bygget

Med åtte mot eí røyst (Sotralista) gjekk komité for drift denne veka inn for at Fjell kommune kjøper kontorbygget til Vestnytt på Skjenet 2 for 15 millionar kroner. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret. Elles går komitéen inn for at Fjell kommune overfører areal i Straume Idrettspark til Sotra Sportsklubb. Bakgrunnen er at Sotra Sportsklubb planlegg å byggja ein turnhall med parkeringsgarasje knytt til Sotra Arena.
Les meir.

Modellar for utbyggingsavtalar på høyring

Formannskapet vedtok på onsdag å leggja sak om modellar for utbyggingsavtalar i Fjell kommune ut til offentleg ettersyn i 30. dagar. Aktuelle modellar er justeringsmodellen og fondsmodellen. Saka vert endeleg avgjort i kommunestyret.
Les meir.

Plan for Knappskog gamle skule utsett

Komité for plan og utvikling (KPU) utsette behandlinga av detaljreguleringsplan for Knappskog gamle skule då saka stod på sakskartet på tysdag. Det skal gjennomførast synfaring før saka vert behandla i komitéen.
Les meir.

Vil gjerne ha Språkrådet til Straume

Regionrådet Vest meiner at det er gode grunnar til at Språkrådet vert lokalisert i region vest. I dag sender dei brev til regjeringa og kommunal- og forvaltningskomitéen der det vert peika på at Straume er ei god lokalisering for dette statlege kontoret. Regjeringa har lagt fram ei melding til Stortinget om politikk for utvikling i byar og distrikt, og plan for lokalisering av statlege arbeidsplasser «Berekraftige byar og sterke distrikt».
Les meir.

Havrom 2017: Optimistisk fiskeriminister Sandberg

Fiskeriminister Per Sandberg (FrP) la seg på ei optimistisk linje då han på Havrom 2017 på Bakscenen på tysdag hadde sitt innlegg om havbruksnæringa. Han fann seg vel til rette i forsamlinga.
- Dette er nesten som å vera på eit møte i FrP. Det manglar kvinnfolk! sa Per Sandberg då ha starta sitt innlegg.
Les meir.

Stor sykkeldag på Straume på laurdag

Laurdag den 8. april inviterer Cykleklubben Sotra i samarbeid med Fjell kommune til familiesykkeldag på Sotraplassen på Staume. Det er lagt opp til ei rekkje aktivitetar. Mellom anna skal Martin Engelsen presentera Sykkel-VM-songen «Skjærgardsvegen». Ifølgje arrangøren kjem kanskje både ordførar og varaordførar. Det vert konkurranse om kven som får raskast tid på tusen meter på rulle med innlagt motstand.
Les meir.

Martin Engelsen: - Ein song for folk

- Eg har ønskt å skriva ein song for folk og dei som skal sjå på Sykkel-VM. Dette seier den lokale artisten, Martin Engelsen, om Sykkel-VM-songen sin; «Skjergardsvegen». På familiedagen på Sotraplassen på Straume laurdag den 8. april framfører Martin songen sin to gonger.
Les meir.

Stor dag for 100 år gamle Andrea

Flagget var heist til topps på Kvednatunet i dag. Den første april var det 100 år gamle Andrea Vindenes som skulle få all hyllest. - Tusen takk for at vi fekk koma hit og gratulerer med dagen! Det er imponerande at du har nådd 100 år, sa varaordførar Tom Georg Indrevik då han overleverte blomar til jubilanten laurdag føremiddag.
Les meir.

Grendakamp på sykkel på Fjell festning

Sundag den 7. mai brakar det laust med ein god gamaldags grendakamp på Fjell festning. På Festningsrittet vert det kamp mellom grendene som kan stilla med stafettlag samansett av to barn og to vaksne. Arrangøer er Cykleklubben Sotra. Det vert premiar til det beste laget, vandrepokal og premiar trekt på startnummer.

Tilskot frå Fjell ungdommens kommunestyre (UKS)

Hugs å søkja elektronisk innan 1. mai 2017. Ungdommens kommunestyre (UKS) har kr 50.000 å dela ut. Ungdommens kommunestyre, UKS, har kr 50 000 å dela ut i 2017 til aktivitetar, tilbod, arrangement eller andre tiltak retta mot ungdom i kommunen.
Les meir.

Samla inn pengar til Somalia

Elevane på Tranevågen ungdomsskule fekk i dag ein uvanleg variert meny då det
var klart for lunsj klokka 11. I tillegg til den vanlege menyen, selde elevar
frå Syria og Somalia internasjonale spennande matrettar til elevane. Inntektene
går til hjelpearbeid retta mot svoltkatastrofen i Somalia.
Les meir.

Besøk frå STATPED og organisasjonen Voksne for Barn

Dei viser oss korleis vi kan bruke verktøy fra Zippys Vener til å forstå og støtte elever med særlige utfordringar i øving på sosial og emosjonelle ferdigheiter.
Les meir.

Ordføraren Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (14)

  • 03.04.: Liljevatne skule, feiring av vinnarane av 12 rette-konkurransen i regi av 
                Radio Sotra
  • 04.04.: Ordførarsamling i Oslo
  • 05 - 06.04.: Kommunalpolitisk møte i Oslo

 


Publisert: 07.04.2017 10:16
Sist endret: 07.04.2017 14:38