Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 16. Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Drøftar politisk styringsstruktur

På det femte møtet i førebuande fellesnemnd skal dei 17 politikarane og dei tre tillitsvalde drøfta dei politiske føresetnadene for etablering av den nye kommunen. Elles skal nemnda drøfta status for arbeidet så langt og det felles kommunestyremøtet den 21. juni. Møtet vert halde i velferdsbygget på Kollsnes-anlegget i Øygarden.
Les meir.

Skreiv under kontrakt med Mercuri Urval

På tysdag denne veka skreiv dei tre ordførarane under kontrakten med rekrutteringsselskapet Mercuri Urval. Dette selskapet skal helpa til i arbeidet med å tilsetja prosjektleiar for kommunereforma.
- Eg reknar med at prosjektleiaren vert tilsett i midten av juni. I så fall kan vedkomande presenterast for det felles kommunestyremøtet den 21. juni, seier leiar av førebuande fellesnemnd, Marianne Sandahl Bjorøy.
Les meir.

Sju hundre elevar dansa mot Sykkel-VM

Det var fullt liv då 700 sjette- og sjuandeklassingar i Fjell var samla i Sotra Arena på onsdag denne veka og dansa seg mot Sykkel-VM med den lokale VM-songen «Let´s Go for Ride».
Produsenten og artisten Andreas Pareli hadde fått med seg Ole Petter Knarvik i Absence Crew for å læra elevane VM-dansen.
Les meir.

Eldreråda førebur seg på ny kommune

Eldreråda i Sund, Fjell og Øygarden var samla i Fjell rådhus på onsdag for å drøfta framtida for eldreråda i den nye kommunen frå januar 2020. På møtet drøfta eldreråda mellom anna storleiken på eit nytt felles eldreråd for nye Øygarden kommune. Eldreråda drøfta også kva oppgåver og utfordringar som skal takast med vidare inn i ein ny storkommune.
Les meir.

Reglar for open brenning i Fjell

Vi er no inne i ei årstid der brannfaren er stor. Det er klare reglar for open brenning i Fjell. I tettstader og bustadfelt er det totalforbod mot open brenning. På heimesida til Fjell kommune finn du kart som viser kvar det er forbode mot open brenning.
Les meir.

Sykle til jobben: Konkurransen der alle er stjerner!

Sykle til jobben-aksjonen vart rulla i gang 19. april, og i år heiar vi på alle våre kvardagsmosjonistar og kvardagssyklistar! Hjå oss er alle stjerner! Alle kan vera med på Sykle til jobben-aksjonen og ALL aktivitet kan registrerast!
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (16)

  • 18.04.: Representantskapsmøte i Sotra Brannvern IKS
                Foredrag for Rotary om kommunesammenslåing
  • 20.04-23.04.: Landsmøte i Arbeidarpartiet

Ordføraren neste veke (17)

  • 24.04.: Førebuande fellesnemd
  • 25.04.: Opning av konferansen "Nedkjemping av radikalisering"
  • 26.04.: Møte i tilsetjingsutvalet (prosjektleiar ny kommune)
  • 27.04.: Generalforsamling i BKK
  • 28.04.: Møte i Bergensalliansen

 


Publisert: 21.04.2017 11:15
Sist endret: 21.04.2017 12:08