Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 17. Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



29. april: Eitt år sidan helikopterulukka

Laurdag den 29. april er det eitt år sidan den tragiske helikopterulukka. 13 menneske omkom då eit helikopter styrta på ein holme i Øygarden ved Turøyna. Både i Fjell og nabokommunane vart det straks etablert krisestab då meldinga om ulukka kom om lag klokka 12. - Sjølv om ulukka ikkje skjedde i Fjell, vart mange av innbyggjarane i kommunen vår påverka av det som hende, seier ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.
Les meir.

Radikalisering kan skje kvar som helst

To hundre deltakarar fekk teikna eit realistisk bilete av kva som er stoda når det gjeld radikalisering og valdeleg ekstremisme då det denne veka var invitert til fagseminar i kultursalen i Fjell rådhus. Det vart også gjeve gode råd om tiltak mot dette fenomenet.
Les meir

Førebur felles kommunestyremøte

På det femte møtet i førebuande fellesnemnd (FF) på måndag denne veka vart det brukt god tid på å førebu felles kommunestyremøte den 21. juni. Det er Fylkesmannen som kallar inn til dette møtet. På møtet gav FF tilråding om at namnet på den nye kommunen skal vera Øygarden. I midten av av juni vert det kalla inn til felles kommunestyremøte for Sund, Fjell og Øygarden.
Les meir.

3,45 millionar i skjønsmidlar til regionen vår

Fylkesmannen har tildelt 3,45 millionar kroner til sju prosjekt i kommunane Fjell, Sund og Øygarden. Dei fleste prosjekta er eit samarbeid mellom alle dei tre kommunane. Totalt har Fylkesmannen løyvd 18,5 millionar kroner til ei rekkje prosjekt i fylket. I stor grad samsvarar tildelinga med tilrådinga frå Regionrådet Vest.
Les meir.

Møt ordføraren på biblioteket

Tysdag den 2. mai inviterer ordføraren deg til ein kaffiprat på Fjell folkeboksamling. Til vanleg vil ordførar Marianne Sandahl Bjorøy vera på plass den første tysdag i kvar månad mellom klokka 15 og 16 på «Kaffipraten».
- Eg ønskjer å verta endå betre kjent med innbyggjarane og gje dei høve til å ha ein uformell prat om det dei er opptekne av, seier ordføraren.
Les meir.

Vil gje eldre hjelp til databruk

Ungdommens kommunestyre (UKS) vil gjerne gje PC-opplæring til dei eldre. To av representantane i UKS hadde møte med Fjell eldreråd om dette tidleg i april, og i sist veke konkluderte UKS med at det vert teke sikte på å gjennomføra eit prosjekt med PC-opplæring for eldre.
Les meir.

- Thor Hushovd er min favoritt

Nora Krohn i femte klasse på Hjelteryggen skule er ikkje i tvil om kven som er hennar sykkelfavoritt.
- Eg syns Thor Hushovd er flinkast, seier Nora.
Saman med dei 26 andre femteklassingane var det i dag klart for praktisk sykkelopplæring på skuleplassen på Hjelteryggen skule.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandhal Bjorøy denne veka (17)

  • 24.04.: Førebuande fellesnemd
  • 25.04.: Opning av konferansen "Nedkjemping av radikalisering"
  • 26.04.: Møte i tilsetjingsutvalet (prosjektleiar ny kommune)
  • 27.04.: Generalforsamling i BKK
  • 28.04.: Møte i Bergensalliansen

Ordføraren neste veke (18)

  • 01.05.: 1. mai arrangement i kultursalen i Fjell rådhus
  • 02.05.: "Kaffipraten". Møter innbyggjarane på biblioteket
  • 03. - 04.05.: Førebuingar til Møbelringencup, seminar og
                        Herrelandskamp i Oslo Spektrum

 


Publisert: 28.04.2017 14:13
Sist endret: 28.04.2017 14:47