Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 17. Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Festningsrittet 7. mai: Transport og parkering

Arrangørane ønskjer at flest mogleg skal finna vegen til Fjell festning på festningsrittet sundag den 7. mai. For å få dette til, er det nødvendig med god organisering av transport og parkering.
- Vi har transport tur/retur med veteranbussar mellom Tellnes Næringspark og parkeringsplassen ved fylkesveg 555.
Les meir.

Drøftar mogleg flytting av asfaltverk

Formannskapet skal på møtet onsdag den 10. mai drøfta Lemminkäinen sine opplysningar om mogleg flytting av asfaltverket frå Knarrvika til Søre Straume. Lemmingkäinen reknar med at delar av verksemda må flytta i anleggsperioden for Sotrasambandet, men verksemda kan ikkje få ein konkret svar på konsekvensane før saka om Sotrasambandet er behandla i Stortinget.
Les meir.

Gjev støtte til vanskelegstilte

Etter at Fjell kommune i desember 2015 overtok Eldrebustadene på Møvika, har stiftinga endra vedtektene slik at det no er mogleg å gje økonomisk støtte til dei som har behov for det. Støtteordninga er retta mot eldre og/eller andre vanskelegstilte som bur i Fjell kommune.
- Vi har om lag seks millionar kroner på konto, og vi tek sikte på å dela ut ein del av desse midlane etter søknad allereie i år, seier styreleiar for stiftinga, Oddmund Ro.
Les meir.

Søkjer etter prosjektleiar for ny kommune

Dei tre kommunane, Sund, Fjell og Øygarden, søkjer etter prosjektleiar som skal følgja opp kommunereforma. Prosjektleiaren skal ha det administrative hovudansvaret for å gjennomføra samanslåinga av dei tre kommunane. Tilsetjingsutvalet skal etter planen i midten av juni gje innstilling til kven som bør tilsetjast. Då kan førebuande fellesnemnd gjera vedtak om tilsetjing av prosjektleiar den 16. juni.
Les meir.

Bli med på nasjonal strandrydde-dag 6. mai

Den nasjonale strandryddedagen har vore arrangert kvar vår sida 2011. Det er organisasjonen Hold Norge rent som står bak aksjonen som har spreidd seg til fleire nordiske land. Laurdag den 6. mai er det klart for årets strandryddedag. I Fjell kommune har aksjonen vore gjennomført, godt tilrettelagt av Fjell VAR og med stor innsats frå frivillig lag og organisasjonar.
Les meir.

- Vi har alle ansvar for miljøet

Saksordførar for handlingsplan for energi, miljø og klima, Odd Valvatne, håpar på god oppslutnad på fagseminaret «Klimatilpassing i eit vestlandsperspektiv» måndag den 8. mai.
- Vi har alle eit ansvar for miljøet. Dette er det første seminaret i samband med handlingsplanen, og det er her du kan få kunnskap om klimaendringar, seier den engasjerte saksordføraren.
Les meir.

Seminar om vald og truslar

Om lag 40 deltakarar var denne veka samla på dialogseminar i kultursalen i Fjell rådhus der det handla om vald og truslar i helse- og sosialsektoren. Seniorinspektør i Arbeidstilsynet, Øyfrid Geirung, orienterte om vald og truslar, kartlegging og risikovurdering. Ho viste til praktisk erfaring frå tidlegare satsingar og vidare satsing mot kommunale verksemder i 2017.
Les meir

Ryddeaksjonen våren 2017

Det er vår, og den årlege vårryddinga blant skular, barnehager, grendalag og andre lag her i Fjell kommune er i gang. Helsing frå små og store i Leirstaden barnehage.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denneveka (18)

  • 01.05.: 1. mai arrangement i kultursalen i Fjell rådhus
  • 02.05.: "Kaffipraten". Møter innbyggjarane på biblioteket
  • 03. - 04.05.: Førebuingar til Møbelringencup, seminar og
                        Herrelandskamp i Oslo Spektrum

Ordføraren neste veke (19)

  • 09.05.:  Møte v/Bergen Brannstasjon

  • 10.05.:  Festmiddag i samband med 80-årsdagane til kongeparet

  • 11.05.:  Innlegg på Byplankonferansen «Bynatt» i Arendal

 


Publisert: 04.05.2017 23:42
Sist endret: 05.05.2017 10:11