Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 19. Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.


Sykkel-VM: Regulerer Vestsidevegen og Bildøyvegen to dagar

Dei to dagane det vert sykkelritt i Øygarden og Fjell vert hovudtraséen for ritta stengd i tre timar. Vestsidevegen og Bildøyvegen vert regulerte.
- Gjennomføringa av VM-ritta laurdag 23. september og 24. september medfører stengde og regulerte vegar. Difor oppmodar vi folk til å sykla, gå eller å nytta kollektivtransport i denne perioden, seier beredskapsleiar i Fjell, Sveinung Nymark.
Les meir.

Ønskjer konsekvensutgreiing av asfaltverk

Formannskapet ønskjer at det vert utarbeidd ei konsekvensutgreiing før det endeleg vert teke stilling til eventuell etablering av asfaltverk på Søre Straume. Formannskapet var samla til møte måndag ettermiddag. Elles går formannskapet inn for at Fjell kommune søkjer om å verta Sykkelby.
Les meir.

Prioriterer barnehage, skule og tiltak mot rus

Regjeringa presenterte på torsdag framlegg til revidert nasjonalbudsjett og kommuneproposisjonen for 2018 (kommuneopplegget). I kommuneproposisjonen er det lagt opp til ein vekst i samla inntekter på mellom 4,3 og 5,3 milliardar kroner.
Les meir.

Forbod mot bruk av open eld

Brannsjefen i Fjell og Sund har innført totalforbod mot bruk av open eld i Fjell og Sund kommunar. Forbodet gjeld frå no av og inntil vidare. Brannsjefen gjer merksam på at etter ei tid med høg temperatur og fint vér, er det stor skogbrannfare i skog og mark.
Les meir.

Vi får varmare, våtare og mildare klima

- Vi må spørja oss kva samfunn vi vil ha i framtida. Kva skjer med samfunnet når det vert varmare, våtare og mildare? var mellom mange spørsmål forskar Hanna Kvamsås (SpaceLab) i Vestlandsforsking stilte på fagseminaret «Klimatilpassing i eit vestlandsperspektiv» i kultursalen i Fjell rådhus på måndag.
Les meir.

Besøk frå Os

Tilsette frå Os kommune innan tenester knytt til mellom anna barnehage, skule, helse, sosial, oppvekst og kultur var på besøk i Fjell kommune onsdag 10. mai. Bakgrunnen for besøket var at Os kommune ønskte å få eit nærare innblikk i arbeidet og satsingane Fjell kommune har gåande med barn og unge i Fjell.
Les meir.

Fagdag om Husbanken sine økonomiske verkemiddel

Fjell kommune inviterte til fagdag denne veka. Tema for dagen var dei økonomiske verkemidla til Husbanken og korleis ein kunne utnytta desse mest mogleg. Husbanken ved Lene Vikøren og Anne Gro Rolland informerte om ordningane startlån, tilskot til etablering og tilskot til tilpassing.
Les meir.

Det første Festningsrittet: Marius har store ambisjonar

Marius Meidell drøymer om å vera med i dei store ritta, til dømes Tour de France. På sundag var han saman med Morten Kismul i Team Meidell/Kismul og gjekk til topps i det første Festningsrittet på Fjell festning i strålande solskin.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (19)

  • 09.05.: Møte v/Bergen Brannstasjon
  • 10.05.: Festmiddag i samband med 80-årsdagane til kongeparet
  • 11.05.: Innlegg på Byplankonferansen «Bynatt» i Arendal

Ordføraren neste veke (20)

  • 15.05: Framtidsseminar, Sund
  • 16.05: Møte med Skyss og kollektivtilbudet Generalforsamling i Sambygg
  • 17.05: Kransenedlegging ved minnestøtta v/Fjell kyrkje
  • 18.05: Kommunestyremøte

 


Publisert: 12.05.2017 10:25
Sist endret: 16.05.2017 12:51