Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 20. Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka

Ill.

Fjell kommune kjøper Vestnytt-bygget

Fjell kommune skal kjøpa kontorbygget til Vestnytt i Skjenet 2 på Straume. Dette var eitt av fleire vedtak i kommunestyret i går. Kommunestyret vedtok også at Fjell kommune overfører areal i Straume Idrettspark til Sotra Sportsklubb. Bakgrunnen er at Sotra Sportsklubb planlegg å byggja ein turnhall med parkeringsgarasje knytt til Sotra Arena. Det vart også vedteke at Fjell kommune skal søkja om å verta sykkelby.
Les meir.

Utsleppet må reduserast kraftig

Forskingstopp Nils Røkke i SINTEF var tydeleg på det ansvaret vi har for å redusera klimautsleppet då vel 120 seminardeltakarar var samla på Panorama Hotell & Resort i Sund på måndag denne veka. Det var førebuande fellesnemnd for ny kommune i region vest som inviterte til framtidsseminar. Det vart mellom anna snakka om framtid transport, havromsressursar og klima.
Les meir.

La ned krans ved minnestøtte ved Fjell kyrkje

Etter gudstenesta den 17. mai la ordførar Marianne Sandahl Bjorøy ned krans ved minnestøtta ved Fjell kyrkje. - Namna på minnestøtta skal vera ein vekkjar for oss og komande generasjonar om kva motstandsfola gjorde for landet og kva det betyr for oss i dag, sa ordføraren då ho la ned kransen.
Les meir.

Besøk frå Paris til Knappskog skule

Knappskog skule har vore så heldige å få vere vertskap for ein delegasjon med skulefolk frå Paris-regionen i Frankrike. Det har vore tre lærarar og ein skuleleiar på besøk på skulen, og skulebesøket er ein del av eit EU-prosjekt. Lærarane har vore særleg interesserte i korleis vi driv språkopplæring og korleis bruk av digitale verktøy kan styrke undervisninga i særleg engelsk, men og andre framandspråk.
Les meir.

Velkomen til Skjærgårdsrittet 2017

Den 2. pinsedag (5. juni) er det klart for Skjærgårdsrittet. Dette tradisjonsrittet samlar sykkelfolket til ei festreise langs kysten. Ved målgang, etter 85 km, får du t-skjorte og lapskaus på Tjeldstø skule. Flotte premiar vert trekt på startnummer!
Les meir.

Hugs bytedag på biblioteket på laurdag!

Laurdag den 20. mai mellom klokka 16 og 18 vert du invitert til å ta turen innom Fjell folkeboksamling på gratis bytedag. Dersom du har noko fint som du trur andre kan få bruk for, kan du levera det på biblioteket i dag mellom klokka 11 og 16.
Les meir.

Brannsjefen opphevar forbodet mot open eld

Skogbrannindeksen syner no mindre fare for skog og utmarksbrann, brannsjefen opphevar difor forbodet mot open eld som vart innført i Fjell og Sund 8. mai.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (20)

  • 15.05: Framtidsseminar, Sund
  • 16.05: Møte med Skyss og kollektivtilbodet
               Generalforsamling i Sambygg
  • 17.05: Kransenedlegging ved minnestøtta v/Fjell kyrkje
  • 18.05: Kommunestyremøte

 


Publisert: 19.05.2017 14:40
Sist endret: 19.05.2017 14:51