Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 21. Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Fjell og Sund markerte samarbeid om barnevern

- Dette vert svært bra for både Sund og Fjell. Når vi no skal verta ein større kommune, er det like godt å vera i forskot. Dette sa ordførar i Sund, Kari-Anne Landro, onsdag ettermiddag då dei to kommunane markerte samarbeid om barnevernet. Med verknad frå 1. juni vert barneverntenesta slått saman for dei to kommunane.
Les meir.

Regionrådet drøftar ny vidaregåande skule

På styremøtet i Regionrådet Vest den 29. mai vert det drøfting av planane om ny vidaregåande skule i Sotra Kystby. Gode Sirklar er beden om å gjennomføra eit prosjekt som legg til rette for dette. Andre saker på sakskartet til regionrådet den 29. mai er tildeling av skjønsmidlar 2017 og tilskot til vegar og digitaliseringstiltak knytt til kommunereforma.
Les meir.

Skålevikelevar fekk overlevert pengepremie

Det var stor stas ved skulestart på Skålevik skule på tysdag denne veka då femte klasse fekk overlevert ein sjekk på 10 tusen kroner. I samband med undersøkinga om levekår og barnefattigdom hausten 2016, vart det trekt ut eitt klassetrinn på ein av skulane som skulle få ein «synleg takk» for deltakinga. Det var leiar av det politiske barnefattigdomsutvalet i Fjell kommune, Odd Bjarne Skogestad (KrF), som fekk den takknemlege oppgåva med å overlevera sjekken.
Les meir.

Godt fellesskap på Camp Hissøyna

Helga 12. til 14. mai var 12 deltakarar og fem vaksne samla på Hissøyna. Dette var ein camp for jenter og unge kvinner i alderen 16 til 19 år med innvandrarbakgrunn.
- Dette vart eit strålande flott arrangement. Vi opplevde eit godt fellesskap og fekk knyta band på tvers av kulturar, seier MOT-informatør Vigdis Taranger.
Les meir.

Tospråkleg eventyrstund

Gjennom prosjektet «Fortell, u sheeg» har Eilin Skare frå Fjell folkeboksamling og Nora Nilsen frå Knappskog skule vore på kurs i tospråkleg forteljarteknikk. Fredag 20. mai var det premiere med eventyret «Den lille røde høna» på Knappskog skule.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy neste veke (22)

  • 29.05.: Representantskap i Sotra Brannvern
                Møte i Regionrådet Vest
  • 30.05.: Intervju av kandidatar til prosjektleiarstillinga ny kommune
  • 31.05.: Workshop – Telemaksforskning, Attraktivitetsanalyse/tillitsanalyse
  • 01.06.: Besøk hos ungdommar i eitt av bufellesskapa våre
                UIB vedr. Opning av utstillinga om Plastkvalen
  • 02.06.: Møte med Bjorøy skole

 


Publisert: 26.05.2017 13:01
Sist endret: 26.05.2017 13:15