Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 23. Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka

Stortinget vedtok å slå saman kommunane i regionen

Torsdag denne veka vedtok Stortinget å slå saman kommunane Sund, Fjell og Øygarden. Totalt vart det gjort vedtak om å slå saman108 kommunar til 42 kommunar. Vedtaket om samanslåing har verknad frå 1. januar 2020.
Les meir.

Klart for tilsetjing av prosjektleiar

På det sjette og siste møtet i førebuande fellesnemnd (FF) for ny kommune den 16. juni skal det tilsetjast prosjektleiar for arbeidet med å etablera ny kommune i regionen. Møtet vert halde på Fjell rådhus.
Les meir.

Vass- og avlaupsgebyr: Formannskapet ber om meir dokumentasjon

Med fem mot fire røyster (Ap og Venstre) vedtok formannskapet på onsdag å be om utfyllande dokumentasjon før kommunestyret den 15. juni behandlar framlegg til endring i forskrift om vass- og avlaupsgebyr.
Les meir.

Tilrår Knappskogplan med endringar

Komité for plan og utvikling (KPU) går inn for å godkjenna detaljreguleringsplan for Knappskog gamle skule. I innstillinga til kommunestyret vart det lagt inn nokre endringar. Elles tok komitéen stilling til fleire klagesaker og to førespurnader om oppstart av regulering.
Les meir.

Tilrår å utvikla idrettsanlegget på Ågotnes

Komité for drift og forvaltning (KDF) gjekk i går samrøystes inn for at det vert gjennomført ei rekkje tiltak for å utvikla Ågotnes idrettspark. I samarbeid med Nordre Fjell Allianse IL har Fjell kommune utarbeidd forslag til tiltak som vil betra kapasiteten på idrettsanlegget som kan realiserast på kort tid utan reguleringsendring.
Andre saker: Mottak av flyktningar, forskottering av spelemidlar og støtte til kulturføremål.
Les meir.

Mange og store saker i kommunestyret

Kommunestyret skal den 15. juni ta stilling til fleire store saker. Det handlar om plan for gamle Knappskog skule, utvikling av Ågotnes idrettsanlegg, økonomirapport, vass- og avlaupsgebyr og etterbruk av Ekerhovd skule for å nemna noko.
Les meir

1,25 mill. til satsing mot barnefattigdom

Fylkesmannen har tildelt 1,25 millionar kroner til Fjell kommune til satsing mot barnefattigdom for 2017. Fjell kommune er valt ut til å ta del i satsinga mot barnefattigdom, og det har ført til at kommunen både i 2014 og 2015 fekk midlar til dette.
Les meir.

Følg trafikksituasjonen dag for dag i Sykkel-VM

På nettsida til Sykkel-VM (https://bergen2017.no/info-til-publikum/) finn du informasjon om trafikksituasjonen dag for dag. Det er no lagt ut nytt kart som gjev deg god informasjon med detaljar om stengde vegar og anna relevant informasjon.
Les meir.

Åtte frå Fjell kommune deltok i Skjærgårdsrittet

Åtte spreke syklistar frå Fjell kommune deltok på Skjærgardsrittet på andre pinsedag.
Ein av deltakarane, kultursjef Lennart Fjell, er godt nøgd med den kommunale innsatsen. Dei fleste av gruppa frå Fjell, inklusive kultursjefen, sykla trimløypa på om lag 3,8 mil.
Les meir.

Gje meg eit teikn

Frivilligkoordinator på Kvednatunet Stine N. Fjell inviterte frivillige til fagleg påfyll.Helene Forberg, som sjølv er frivillig aktivitetsvenn i Nasjonalforeningen for folkehelsen, fortalde om hennar arbeid som aktivitetsven. Helene viser til ei undersøking som er gjort i Bergen, som syner at mange eldre manglar eit aktivitetstilbod.
Les meir.

Knappskog skule til finalen i Mattemaraton

To trinn på Knappskog skule er og klar for finalen i Mattemaraton i Oslo 24. august. Dermed er kommunen sterkt representert og kan utfordra Oslo-regionen i matematikk-konkurransen. Rektor er godt nøgd med innsatsen til elevane på 6. og 7. trinn, og håpar finaleplassen kan motivera for auka matematikkforståing.
Les meir.

Klart for ny mattefinale for Foldnes-elevar

Også dette året har fleire klassar på Foldnes skule kvalifisert seg til mattemaratonfinalen. Men konkurransen er skarp. Lærar Inge Fagerlid opplyser at fire klassar er kvalifisert til finalen i august. Foldnes skule ligg på tredjeplass i Hordaland. Drammen, Oslo og Asker har prioritert konkurransen og ligg langt framme.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (23)

  • 06.06.: Kranselag – Landro skule
                Komitemøter
  • 07.06.: Formannskap
               «Bli kjent med grundermiljøet på Sotra» - Konferanse i Grunderparken
  • 08.08.: Møte med innbyggjarar på Biblioteket
                Opning av ballbingen på Tellnes
                Nærmiljøprosjektet på Bjorøy, presentasjon frå Trafikkagentene
  • 09.08.: Dialogmøte med Hordaland fylkeskommune

 


Publisert: 07.06.2017 22:10
Sist endret: 09.06.2017 00:05