Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 24. Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka



Ny prosjektleiar for kommunereformarbeidet

Paul J. Manger (58) vart i dag tilsett som prosjektleiar for «Nye Øygarden» kommune. Manger er no assisterande rådmann i Os kommune (Hordaland). Det var førebuande fellesnemnd (FF) som gjorde tilsetjinga i dag etter innstilling frå tilsetjingsutvalet.
Les meir.

Godkjente plan for Knappskog gamle skule

Kommunestyret godkjente på torsdag detaljreguleringsplan for Knappskog gamle skule. Etter behandlinga i komité for plan og utvikling (KPU) vart det gjort nokre endringar. Dette var ei av mange saker. Andre saker: Medlemskap i Vest brann- og redningsregion, vass- og avlaupsgebyr, bruk av gamle Ekerhovd skule og utvikling av Ågotnes idrettsanlegg.
Les meir.

Åtte mill. til rus og psykisk helse

Fylkesmannen har tildelt åtte millionar kroner i tilskot til Fjell kommune for å styrka tenestetilbodet innan psykisk helse og rus, vald og traumefeltet.
Les meir.

Opna aktivtets-tiltak i regi av Way Forward

Den 13 år gamle Jude Aniston Mariyampillai imponerte alle dei frammøtte då han framførte Leonard Cohens Hallelujah i ein nydeleg versjon i lyse og trivelege lokale i Lieco-bygget fredag ettermiddag. I dag var det offisiell opning av Way Forward sitt nye aktivitetstiltak sentralt på Straume.
Les meir.

Heiarop-konkurransen er avgjort

På leiarsamlinga til skulesjefen denne veka vart dei tre finalistane til heiarop-konkurransen i skulen i Fjell presentert. Heilt til topps gjekk Tellnes skule. På dei nest to plassane følgde Brattholmen og Kolltveit.
- Det har vore eit fantastisk engasjement frå alle deltakarane frå skulane, seier Tore Brekke som sit i arbeidsgruppa i skulen i Fjell som arbeider med Sykkel-VM.
Les meir.

Engasjement på arbeidsseminar om vald og overgrep i nære relasjonar

Hundre deltakarar var på plass i kultursalen i Fjell rådhus denne veka då det var invitert til arbeidsseminar om vald og overgrep i nære relasjonar. Det er eit arbeidsutval utgått frå samhandlingsteamet som står bak arbeidsseminaret. Arbeidsgruppa har også ansvaret for å gjennomføra ei tenestekartlegging om vald og overgrep i nære relasjonar.
Les meir.

Takkar av etter legeteneste i 39 år

Denne veka vart det markert at fastlege Kåre Aksnes hadde sin siste arbeidsdag som fastlege i Fjell den 30. mai. Same dag fylte Aksnes 70 år. I 39 år har han hatt legeteneste i Fjell, dei fleste åra saman med kona Helene som sekretær på kontoret. Samstundes med at Kåre Aksnes no takkar av etter ein lang arbeidsbolk i Fjell kommune, vert fastelegeheimelen til Kåre overført til Kees Ihlhaug.
Les meir.

Flott deltaking på aktivitetsdag på Ågotnes

Også i år kan ein sjå tilbake på ein flott sommaraktivitetsdag på Ågotnes idrettsbane og idrettshallen på Ågotnes. 28 elevar i spesialavdelinga på Hjelteryggen skule andre skular deltok i aktivitetar ute og inne den 9. juni. Sotra Turn stilte med folk og utstyr til inneaktivitetane, og tre firma opp med syklar for aktivitetar på idrettsbanen.
Les meir.

Kristoffer Skjerping lovar «fyrverkeri»

- Dersom eg vert teken ut på det norske laget, lovar eg «fyrverkeri» og show frå start, seier ein optimistisk Kristoffer Skjerping tre månader før Sykkel-VM. Sundag den 24. september startar hovudrittet i Sykkel-VM med landevegsritt for senior menn med start på Rong i Øygarden før ferda går vidare gjennom Fjell til Bergen. Det norske laget vil få ein kvote på seks til ni personar. Med full kvote, er sjansane for at Kristoffer Skjerping kjem på laget absolutt til stades.
Les meir.

 


Publisert: 16.06.2017 16:42
Sist endret: 16.06.2017 16:49