Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 25. Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Namnet på den nye kommunen vert Øygarden

Onsdag ettermiddag vedtok kommunestyra i Sund, Fjell og Øygarden at namnet på den nye kommunen i region vest skal vera Øygarden. Dei tre kommunane vert slått saman med verknad frå 1. januar 2020. Det var også val av fellesnemnd og fastsetjing av storleik på kommunestyre og formannskap. I forkant av separate kommunestyremøte var det felles kommunestyremøte leia av fylkesmann Lars Sponheim.
Les meir.

Sjå video frå felles kommunestyremøte

Det handla mellom anna om namn på den nye kommunen, talet på medlemer i kommunestyret og samansetjinga av fellesnemnda då Lars Sponheim hadde kalla inn til felles kommunestyremøte på Panorama Hotell & Resort i Sund onsdag 21. juni. Du kan no sjå opptak av felleskommunestyremøte.
Les meir.

NM-bronse til Kristoffer Skjerping

Vårt lokale håp i Sykkel-VM i september, Kristoffer Skjerping, imponerte med bronse i NM-tempo for senior i Stjørdal på torsdag. Han kom i mål 1,19 etter vinnaren Edval Boasson Hagen. Den 24 år gamle Kristoffer Skjerping (Team Sparebanken Sør/CK Sotra) kjem frå Sekkingstad i Fjell og leverte med resultatet i NM eit viktig bidrag til å verta med på det norske laget i landevegsritt den 24. september.
Les meir.

Sykkel og kunst på Brattholmen skule

Ved inngangen til Brattholmen skule vert du møtt av fargerike syklar. Alle elevane har den siste tida hatt sykkel og Sykkel-VM på dagsorden. I sist veke gjennomførte 5. – 7. klasse Tour de Brattholmen frå Brattholmen til Hjelteryggen, langs Kyrkjevegen til Foldnes kyrkje med retur til skulen. Denne veka er elevane i full gang med kunstproduksjon.
Les meir.

Spektakulært i havgapet

Publikum lot seg ikkje skræma av velkjent vestlandsvér då det vart invitert til gratis friluftskonsert på Algrøyna laurdag kveld den 17. juni.
- Det var vått, men det dette var absolutt vellukka. Eg fekk ikkje tid til å telja sjølv, men det var nok eit par hundre menneske utanom kora som hadde funne vegen til Maggevikja, seier korentusiasten Leif Algrøy i Algrøy Bygdakor.
Les meir.

Fjell ungdomsskule med fargerik fest for mangfaldet

Regnbogedagen på Fjell ungdomsskule blei ein minneverdig dag der tøffe ungdomar viste kva det vil si å være seg sjølv.
– Det er ingenting som er "typisk homo", eg er ei jente som forelskar meg i jenter, men utanom det er det ingenting typisk ved meg. Slik lydde eitt av utsegnene i kantina på Fjell ungdomsskule på torsdag sist veke.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (25)

  • 19.06.: Møte med Statens vegvesen , Skyss og Hordaland fylkeskommune
                om køsituasjonen
  • 20.06.: Eigarmøte i BKK
  • 21.06.: Felles kommunestyremøte mellom Fjell, Sund og Øygarden kommunar om
                kommunereforma
                Generalforsamling i Trigger AS
  • 22.06.: Besøk av stortingskandidater frå Arbeidarpartiet
                Generalforsamling i Gode Sirklar
  • 23.06.: Kontaktutvalet for næringslivet


Ordføraren er på ferie i perioden 27.06. - 16.07.

 


Publisert: 23.06.2017 16:12
Sist endret: 23.06.2017 16:28