Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 26. Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.




Opna ny veg Storskaret-Arefjord

Litt etter klokka den 29. juni kunne fungerande fylkesordførar Pål Kårbø foreta den offisielle opninga av fylkesveg 209 Storskaret- Arefjord i Fjell. Med 1,3 kilometer ny veg, vert Straume sentrum avlasta for trafikk frå Straume mot aust. I tillegg kan trafikantar frå vest nytta den nye vegen når dei til dømes skal til Søre Straume og Kystbygarasjen.
Les meir.

Takka av for god innsats i Ungdommens kommunestyre

På det siste møte i Ungdommens kommunestyre (UKS) før ferien vart det markert at fire av medlemene har fullført to år i UKS. Varaordførar Tom Georg Indrevik, takka ungdomspolitikarane for god innsats gjennom dei to åra. Han sa at det er flott og viktig at dei vert engasjerte i planarbeid gjennom fleire arbeidsgrupper. Leiar Roland Fredriksen hadde sitt siste møte og takka for seg. Han opplevde at dei andre medlemene i UKS hadde vore greie, positive og løysingsorienterte og hjelpt han under leiinga av møta.
Les meir.

Inviterer til likestillingskonferanse

Den 24. august vert det invitert til likestillingskonferanse i Fjell rådhus. Toppar frå dei politiske partia er inviterte til å delta. Så langt har SV, Senterpartiet og KrF takka ja til å stilla på konferansen. Det er likestillings- og diskrimineringsutvalet i Fjell som inviterer til konferansen. Konferansen skal medverka til å setja regionen på kartet med vekt på likestilling og at kvinnene deltek i politikken.
Les meir.

Team Straume barnehage til topps

I ein hard konkurranse mellom fleire lag i Fjell som deltok i Sykle til jobben-kampanjen, var det Team Straume barnehage som gjekk heilt til topps. Med 141,8 poeng i gjennomsnitt fortener dei diplom og kvar sitt gåvekort, meiner folkehelsekoordinator Jeanett Nesse. Barnehagesjef Margun Landro seier at ho er stolt av dei spreke barnehagedamene som verkeleg har halde seg i form.
Les meir.

Kulturen skal krydra Sykkel-VM

Under Sykkel-VM i september vil Bergen vera prega av kunst og kultur. Dagleg leiar i Kulturoperatørene. Øyvind Storheim, seier at byen skal krydrast med eit mylder av ulike kulturelle innslag. I ei pressemelding frå Bergen 2017 går det fram at kulturtilbodet under meisterskapen skal vera uventa og overraskande. Publikum skal aldri heilt vita kvar ting kan dukka opp.
Les meir.

Stengjer Bildøyvegen frå 10. juli

I tidsrommet 10. juli til 28. juli vert Bildøyvegen stengt på strekninga mellom innkøyringa til Straume Sjøfront og innkjøringa til vegen Søre Straume. Det er ei strekning på om lag 100 meter like ovanfor byggjeområdet til Straume Sjøfront som vert stengt i samband med opparbeiding av nytt fortau. Det vert omkøyring via rv 555.
Les meir.

Way Forward feira avslutninga av ramadan

Måndag 26. juni arrangerte Way Forward feiring av ID saman med familiar, vener og naboar i Fjell. Id, eller Id- al-fitr, er den muslimske høgtida som markerer slutten av fastemånaden ramadan. Den vart feira med bønesamlingar, gjestebod og gåver.
Les meir.

Varaordførar (fungerande ordførar) Tom Georg Indrevik denne veka (26)

  • 26.06.: Møte med Fylkesmannen knytt til ROS-analyse for industriområdet i
                Knarrvika
  • 29.06.: Styremøte i Bergen Reiselivslag
                Opning ny veg Storskaret-Arefjord
  • 30.06.: Møte i hamnerådet

 


Publisert: 30.06.2017 10:08
Sist endret: 30.06.2017 10:16