Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 27. Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Mangfald i Kystsogevekene

Du kan velja mellom ei rekkje av kulturtilbod når Kystsogevekene vert offisielt opna den 12. august. I Fjell er det oppført fire arrangement i dei fire veker lange Kystsogevekene som vert avslutta den 17. september. Den offisielle opninga av Kystsogevekene skjer på Strusshamn i Askøy kommune laurdag den 12. august.
Les meir.

No kan du tinga bubilplass til Sykkel-VM

Bildøyna i Fjell er ein av dei stadene der det vert tilbod om bubilparkering i samband med Sykkel-VM. Bestillingsløysinga for bubilparkering er opna. Totalt 900 bubilparkeringsplassar vert disponible under VM. Tinging av bubilparkering på Bildøyna er tilgjengeleg om kort tid.
Les meir.

21 kommunar har tilbod for pårørande til demente

Fleire Hordalands-kommunar enn før tilbyr pårørandeskule eller samtalegrupper for dei pårørande til personar som har demensdiagnose. 21 kommunar hadde dette tilbodet per 30. april 2017, mot 15 hausten før. Fjell, Sund og Øygarden er mellom dei kommunane som har tilbod om dette. Ein del av kommunane samarbeider om tilbod til pårørande.
Les meir.

Ta bestillingsbussen på torsdagar i sommar!

Bestillingsbussen går som vanleg kvar torsdag i heile sommar for dei som treng ein tur til og frå Straume. Alle er velkomne på bussen. Ring 55 09 69 29 (10-14) for å bestilla, eller les meir om ordninga her. Du kan bestilla fast plass. Då gir du berre beskjed når du må avbestilla. Fjell frivilligsentral er sommarstengt i heile juli, men telefonen er bemanna. Frivillig sentralen opnar igjen tysdag 8. august.
Les meir.

Her er den offisielle musikkvideoen for Sykkel-VM

Torsdag denne veka vart det offisielle musikkvideoen for Sykkel-VM presentert. Det er dei lokale musikarane Vilde Hartveit Kolltveit og Edvard Trondstad som har laga musikken til videoen saman med gitarist Berit Hagen.
Les meir.

 


Publisert: 07.07.2017 09:50
Sist endret: 07.07.2017 09:56