Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 28. Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Klart for Tour of Norway for Kids

Måndag den 17. juli vert alle barn mellom 0 og 13 år inviterte til å delta i Tour of Norway for kids på Sartor Storsenter. Tour of Norway for kids er det desidert største sykkelrittet for barn i Noreg. Alle som deltek vinn og får premie. Hugs å ta med sykkel og hjelm!
Les meir.

Trygt og godt fellesskap på Hissøyna

Det er ein oppglødd lokal MOT-informatør, Vigdis Taranger, som fortel om kva dei 19 ungdomane og leiarane fekk oppleva på Hissøyna i sist veke.
- Det var eit heilt unikt godt fellesskap og stemning. Vi arbeider medvite med å inkludera alle og at ingen er åleine på Camp Hissøyna. Vi ønskjer at alle skal koma heim og seia at dei har hatt ein fin camp, seier Vigdis Taranger.
Les meir.

Unge talent med ambisjonar

Det manglar ikkje på tru på framtida når vi møter unge sykkeltalent i Cykleklubben Sotra og toppsyklist Kristoffer Skjerping i ei treningsøkt eit par månader før Sykkel-VM. Øyvind Fjeldstad (14) frå Tjeldstø, Johannes Knappskog (15) frå Kolltveit og Simen Paulsen (18) frå Foldnes drøymer om å sykla i dei
store ritta.
Les meir.

Travelt første halvår

Også i år kan vi sjå tilbake på eit aktivt første halvår i Fjell kommune. Det er ingen tvil om at arbeidet med kommunereforma og Sykkel-VM har kravd ressursar frå mange, men det handlar om mykje anna.
Les meir.

 


Publisert: 14.07.2017 12:00
Sist endret: 14.07.2017 11:53