Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 33 Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Flytedokk på Ågotnes kan gje ny aktivitet

CCB på Ågotnes har inngått kontrakt med Marin Eiendomsutvikling om kjøp av «Dokken på Laksevåg». Ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, gler seg over at «Dokken» kjem i drift på Ågotnes. Dokka vart slept til Ågotnes på torsdag denne veka.
- Dette er kjempespennande. Dette vil gje ny aktivitet, og dette er noko vi treng når arbeidsløysa er høg i regionen, seier ordføraren.
Les meir.

Regionrådet drøftar kollektivtransport

På møtet i Regionrådet Vest den 21. august skal styret drøfta om det kan gjennomførast eit samlande kollektivprosjekt for Nye Øygarden kommune. Som grunnlag for drøftinga ligg det føre eit notat om dette med vekt på bestillingstransport.
Les meir.

Mange ønskjer å røysta på førehand

Det var kø på Fjell folkeboksamling i dag. Som vanleg var det mange som møtte opp for å røysta på førehand då dørene opna klokka 11.Kjell Lyder Hol Larsen frå Straume var ein av dei som var på plass like etter klokka 11 i dag.
- Eg røystar no før nokon klarer å få meg til å ombestemma meg, seier Kjell Lyder med glimt i auga.
Les meir.

Fem nye rektorar på plass i skulen i Fjell

På onsdag er det skulestart, og på fem av skulane er ny rektor på plass frå august.
Skulesjef Wilhelm Anglevik er godt nøgd med at desse tilsetjingane er på plass.
- Det er spennande med nye medarbeidarar. Det er flott at vil både nyttar skulefolk frå Fjell og får leiarar frå nabokummunane Askøy, Sund og Bergen, seier Anglevik.
Les meir.

Historisk skulestart på Misje

Dei åtte førsteklassingane på Misje skule var så absolutt klare for skulestart då rektor Ranveig Bungum ønske dei velkomen i gymnastikksalen på onsdag denne veka. Det er eit historisk sus over Misje skule i dag. Anna Leonora Misje og dei sju andre i første klasse kan skilta med at dei er dei siste som startar skulekarrieren på Misje skule. Frå neste skuleår skal elevane frå Misje gå på Landro skule.
Les meir.

Lyskunst på Pyttane

Dei som kasta blikket opp mot Pyttane mellom klokka 22 og 23 i går, oppdaga at radarkuplane var opplyst med lyskunst. Dette var ei prøvebelysning og generaltest for det skal gjennomførast lysshow og dans ved Carte Blanche om kvelden den 21. september, midt i VM-veka.
Les meir.

Ryddeaksjon i strandsona på Algrøyna

Frå laurdag den 19. august gjennomfører Sotra Sportsdykkerklubb ryddeaksjon i strandsona på Algrøyna. Det vert rydda i sjøen og langs stranda, og det er berre å melda seg om du ønskjer å hjelpa til. Aksjonen går føre seg fram til og med 26. august.
Les meir.

Flott aktivitetsdag for barn i alderen sju til 12 år

Laurdag 12. august arrangerte Fjell frivilligsentral aktivitetsdag. Arrangementet blei betalt med midlar frå ein tidlegare aktiv frivillig som gjekk bort som ønskte pengar til ei sårbar gruppe framfor blomar i gravferda.
Les meir.

Arrangerer Sykkel-VM med miljøprofil

Fjell kommune stiller miljøkrav til gjennomføringa av Sykkel-VM. Det kommunaleigde selskapet FjellVAR har tinga inn 75 tusen bestikk, 50 tusen tallerkar og 30 tusen koppar som skal nyttast til servering i arrangements- og fansonene på Ågotnes, Kolltveit og Straume.
Fagsjef for renovasjon i FjellVAR, Espen Elstad, opplyser at all emballasje til servering kan gå saman med matavfallet.
Les meir.

Velkomen til Likestillingskonferansen 24. august

Likestilling og diskrimineringsutvalet i Fjell kommune har gleda av å gjenta suksessen frå i fjor og inviterer alle interesserte til likestillingskonferanse. Konferansen fokuserer i år på stortingsvalet og vi har invitert stortingspartia til debatt.
Les meir.

 Her er kulturprogrammet for Sykkel-VM

Denne veka har Bergen 2017 presentert kulturprogrammet for Sykkel-VM. Det er lagt vekt på mangfald, og brudans i Øygarden og lyskunst på Pyttane i Fjell er døme på kulturinnslag frå vest.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (33)

  • 15.08.: Møte i politisk arbeidsutval
  • 17.08.: Opning av nye Bergen lufthavn
  • 18.08.-20.08.: Besøk til Fjell kommune sin venskapskommune Krosno, Polen

Ordføraren neste veke (34)

  • 21.08.: Styremøte i Regionrådet i Vest
  • 22.08.: Møte med fylkesordføraren om pilotprosjekt, kollektiv
                Integreringsråd
                Foreldremøte på Bjorøy skule
  • 23.08.: Kompensasjonsutvalget, BKK
  • 24.08.: Ekstraordinær generalforsamling i BKK
  • 25.08.: Debatt med Tom Georg Indrevik i Kystradioen

 


Publisert: 18.08.2017 10:19
Sist endret: 18.08.2017 14:00