Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 35 Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Stort potensiale for kollektivsatsing

Det er mogleg å få vesentleg fleire til å ta buss mellom Sotra/Øygarden og Bergen dersom rutetilbodet i større grad enn i dag vert tilpassa reisemønsteret. Det viser ei reisevaneundersøking gjennomført den 29. august. 922 personar deltok i nettundersøkinga om korleis trafikantane reiste mellom Sotra/Øygarden og Bergen mellom klokka 06.30 og 09.00.
Les meir.

Ønskjer å styrkja basisfaga

Komité for drift og forvaltning (KDF) ber rådmannen å utarbeida ei sak som viser korleis ein kan organisera ein auke i lærarkrefter i basisfaga lesing, skriving og rekning. På møtet denne veka behandla komitéen tilstandsrapporten for grunnskulen for skuleåret 2016/2017. Komitéen drøfta også parkeringssituasjonen ved rådhuset og ved helselandsbyen på Straume.
Les meir.

Fjell spleiser på finansiering av gang- og sykkelveg

Formannskapet vedtok samrøystes på onsdag å delta i eit spleiselag saman med Statens vegvesen for å byggja gang- og sykkelveg langs den kommunale Bildøyvegen (kv 47). Kommunen tek på seg å finansiera halvparten av kostnaden med prosjektet. Ei sak om forbodssone mot privat fyrverkeri skal ut til offentleg høyring.
Les meir.

Vil gå gjennom saker med motsegn

Komité for plan og utvikling (KPU) skal gjennomføra eit eige arbeidsmøte der komitéen saman med administrasjonen går gjennom alle reguleringsplanane der Fjell kommune har motteke motsegn. Komitéen hadde saka på dagsorden på tysdag, men vil altså ta seg tid til å sjå på alle sakene i eit eige arbeidsmøte. Av den grunn utsette også komitéen sluttbehandlinga av detaljreguleringsplan for Tveit, Ulveset.
Les meir.

Byggjer sykkelparkeringshus på Straume

Arbeidet med å byggja parkeringshus for syklar på Straume er godt i gang. I løpet av nokre veker kan syklistane trygt parkera syklane i huset og ta bussen vidare. Realiseringa av sykkelparkeringshuset er ein del av sykkelstrategien til Fjell kommune og ei oppfølging av budsjettvedtaket i desember. Huset er kostnadsrekna til 300 tusen kroner og gjev 40 parkeringsplassar for sykkel.
Les meir.

Kurs - Leve godt med KOLS

Ønskjer du betre pust og meir energi? Ønskjer du meir kunnskap og å treffe andre og dele erfaringar? Her finn du informasjon om kurset, oppstart og påmelding.Kurset har totalt 24 samlingar. Trening to gonger i veka. Torsdagar vert det samtalegruppe eller kosthaldsgruppe etter trening. Tema for gruppene vil variere, men gjennomgåande er korleis du kan få best mogeleg livskvalitet og fremme kvardagsmeistring.
Les meir.

Invitasjon til dialogmøte

Har du erfaring som pårørande til nokon med demenssjukdom? Velkomen til dialogmøte tysdag 5. september kl. 17.00 - 19.00 i Kultursalen på Fjell rådhus. Vil du vera med å utvikla framtidas tenester til personar med demenssjukdom og deira pårørande? Då treng vi dine innspel og erfaringar!
Les meir.

Sømjehallen på Ågontes er stengt

Sømjehallen på Ågotnes skule er stengt fram til 31.desember. Grunnen til at hallen er stengt, er vedlikehald og opprustning av bassenget.
Les meir.

Familiesykkeldag på Straume

Laurdag den 2. september vert det invitert til familiesykkeldag på Sotraplassen på Straume. Det heile startar klokka 12.00 med avduking av sykkelkunst på graset ved Lonavegen vis a vis Uno X-stasjonen. På familiesykkeldagen vert det også Sykkel-VM-songar og dans ved Martin Engelsen, Andreas Pareli og Ole Petter Knarvik frå Absence Crew. Musikklaget Fjellklang og Fjell Brass delte med muskalske innslag.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (35)

  • 28.08.: Representantskapsmøte i Sotra og Øygarden Brannvern
  • 29.08.: Komitémøte
  • 30.08.: Formannskap
  • 31.08.: Møte med elever fra Tranevågen ungdomsskule
  • 02.09.: Avduking av skulptur – Basecamp RePro

 


Publisert: 01.09.2017 12:45
Sist endret: 01.09.2017 12:58