Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 37 Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Endeleg valresultat frå Fjell

Litt etter klokka 23.30 måndag kveld var alle resultata frå Fjell melde inn. Det har vore god valoppslutnad om stortingsvalet i Fjell med 80,8 prosent. Dette er 1,2 prosentpoeng meir enn ved valet i 2013.
Les meir.

Vil samarbeida med næringslivet for å redusera køen

På onsdag denne veka hadde kommunane i regionen møte med næringslivet for å drøfta utfordringa med kø i rushtida.
- Dei tre kommunane er samla om dette arbeidet. Vi vil gjerne har næringslivet med på laget i det vidare arbeidet, sa ordførar Marianne Sandahl då ho oppsummerte møtet.
Les meir.

FjellVAR på topp seks i tilstandsvurdering av vatn

Det kommunale selskapet FjellVAR AS hamna blant dei seks kommunane i landet som oppnådde god standard for alle vurderingskriteria for vatn. Det er Norsk Vann som har gjennomført tilstandsvurderinga både på vatn og avlaup. 85 kommunar har delteke i tilstandsvurderinga, kalla «Bedre vann».
Les meir.

Føreslår å leggja plan for Skorafjellet på høyring

Rådmannen går inn for at framlegg til detaljregulering for Skorafjellet barnehage, Kolltveit, vert lagt ut til offentleg høyring. Komité for plan og utvikling skal behandla saka på møtet den 19. september.Komiteen skal fire klagesaker.
Les meir.

Amerikansk «Cafe» med ein festleg overrasking

I sist veke vart det stelt i stand amerikansk «Cafe» i kantina på Straume bu- og servicesenter. Nærare 80 personer frå Straume bu- og servicesenter og Fjell sjukeheim var samla til amerikansk hyggestund fredag 8. september. Det blei servert kaffi, amerikanske donuts og muffins.
Les meir.

Kristoffer Skjerping får plass på fellesrittet den 24. september

På tysdag melde Norges Cykleforbund at Kristoffer Skjerping får plass på det norske laget på fellesrittet for menn sundag den 24. september. Dermed får syklisten frå Sekkingstad visa seg fram for heimepublikum den siste dagen under Sykkel-VM. Kristoffer Skjerping erstattar Svein Erik Bystrøm som siste helg måtte trekkja seg frå laget.
Les meir.

Bruk buss og båt under Sykkel-VM!

Under Sykkel-VM kan du nytta deg av ekstra buss- og båtruter i regi av Fjell kommune. Laurdag 23. september og sundag 24. september går det ekstrabussar til og frå arrangementssonene på Ågotnes, Kolltveit og Straume. På sundag den 24. september går det båtrute mellom Ågotnes og Bergen. Billettpris er kr. 30,- pr. reis.
Les meir.

Engasjert VM-dag på Landro

Elevane på Landro ladar opp til Sykkel-VM, og i dag vart det gjennomført VM-dag med fellessamling, song og dans i gymnastikksalen før det var ei rekkje sykkelaktivitetar utandørs. Tidlegare i veka har femte til sjuande årstrinn hatt temporitt og bakkeløp. I dag stod fellesritt på programmet.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (37)

• 11.09.: Stortingsval 2017

• 13.09.: Samarbeidsmøte med næringslivet i Fjell kommune

• 14.09.: Møte med IMDI
              Ekstra representantskapsmøte i Sotra og Øygarden Brannvern

Ordføraren veke 38

  • 18. – 24.09.: Div. arrangement Sykkel-VM

 


Publisert: 15.09.2017 15:14
Sist endret: 15.09.2017 15:26