Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 38 Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Vi inviterer til fest!

Ordførarane i Sund, Fjell og Øygarden ser med stor forventning fram til at Sotra og Øygarden vert ein del av den store sykkelfesten. I to år har særleg Øygarden og Fjell arbeidd med å planleggja for at verdas beste syklistar kjem til regionen vår.
- Vi inviterer til fest på laurdag og sundag. Sjølv om du til vanleg ikkje er spesielt interessert i sykkelsport, nytt sjansen til å få med denne historiske hendinga! seier Sandahl Bjorøy.
Les meir.

Krosno-delegasjon på besøk i Fjell

Denne veka har Fjell kommune hatt besøk av ein delegasjon på fire personar frå venskapsbyen Krosno i Polen. Delegasjonen var leia av ordføraren i byen, Tomasz Soliñski.
På samlinga i komitésalen i dag var også naboordførarane Kari-Anne Landro (Sund) og Børge Haugetun (Øygarden) til stades. Tema for drøftinga i dag var organisering og styresett lokalt og nasjonalt.
Les meir.

I dag var det Børge sin tur

Ordførar Børge Haugetun fekk oppdraget med å overrekkja blomar til medaljevinnarane av temporittet for junior i Sykkel-VM på tysdag. Dagen før var det Fjell-ordførar Marianne Sandal Bjorøy som delte ut blomar til vinnarane.
Les meir.

Overrekte blomar til VM-vinnar

Måndag kveld overrekte Fjell-ordførar blomar til vinnaren av U23 temporitt, Mikkel Bjerg.
I samband med det offisielle oppdraget til Marianne Sandahl Bjorøy i dag, fekk ho mellom anna snakka med visepresidenten i det internasjonale sykkelforbundet, UCI, Tracy Gaudry. Ordføraren seier at visepresidenten var full av lovord om meisterskapen så langt.
Les meir.

Planlegg for Sykkel-VM

Sykkel-VM er i full gang, og laurdag og sundag går dei to siste ritta med start frå Rong før ryttarane syklar gjennom Fjell før målgang i Bergen. Dette får konsekvensar for trafikkavviklinga for heile regionen.
Les meir.

Endrar modell for gjennomføring av brannvernsamarbeid

Rådmannen går inn for at det interkommmunale selskapet Sotra Brannvern IKS tek opp Øygarden kommune som ny deltakar og medeigar i selskapet. Namnet på det nye selskapet er føreslått til Øygarden Brann & redning IKS. Saka vert behandla i kommunestyret den 28. september.
Les meir.

Legg plan for Skorafjellet på høyring

Komité for plan og utvikling vedtok på møtet i går å leggja detaljregulering for Skorafjellet barnehage, Kolltveit, ut til offentleg høyring. Planområdet er på om lag 13 dekar. Formålet med planarbeidet er å leggja til rette for å flytta regulert barnehage og regulera småhusbusetnad med tre einingar.
Les meir.

Fagdag for leiarar for lærlingar

Torsdag 14. september var 80 rettleiarar og faglege leiarar for lærlingar inviterte til fagdag i kultursalen på rådhuset i Fjell kommune. Vi har for første gong kalla inn til fellessamling for Sund, Øygarden og Fjell kommunar og vil med dette starta eit samarbeid innan lærlingordninga.
Les meir.

Sykkelfest på Askøy

Askøy var festkledd då det var invitert til sykkelfest på den første konkurransedagen i Sykkel-VM sist sundag. Det var ikkje berre dei bunadskledde på Askøybrua som inviterte til fest. Mange tusen hadde funne vegen til løypetraséen i strålande vér.
Les meir.

Kristoffer Skjeping og Jorker Icopal var best av dei norske deltakarane

Laget til Kristoffer Skjerping hamna på ein 13. plass på lagtempo for menn under Sykkel-VM i dag. Konkurransen var hard, og Team Joker Icopal var best av dei fire norske laga den første konkurransedagen. Tea Sunweb vann lagtempoen både for kvinner og menn.
Les meir.

No er Sykkel-VM i gang

Laurdag ettermiddag var fleire tusen menneske på plass i nydeleg seinsommarvér på Torgalmenningen for å få med seg opningsseremonien for Sykkel-VM.
Mellom dei mange feststemte var ordførartrioen i vest på plass med Børge Haugetun (Øygarden), Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) og Kari-Anne Landro (Sund).
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl denne veka (38)

  • 18. – 24.09.: Div. arrangement knytt til Sykkel-VM

 


Publisert: 21.09.2017 22:20
Sist endret: 22.09.2017 15:51