Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 39 Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Takkar alle som stilte opp

Ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, takkar alle som stilte opp og gjorde Sykkel-VM til ein folkefest.
- Tusen takk til fjellsokningane som stilte opp og laga disse to dagane til den folkefesten vi ønskte det skulle vera, og tusen takk til alle frivillige som har gjort dette mogleg, seier Marianne Sandahl Bjorøy.
Les meir.

Skjerping helt ord; han var først på Straume

Det vart nok eitt av dei største augneblinka til Kristoffer Skjerping sundag føremiddag. Fem-seks tusen personar tok imot og hylla ryttaren frå Sekkingstad då han leia hovudfeltet i fellesrittet for seniorar rundt Sartor Storsenter. Les meir om sykkelfesten på nettsida til Sykkel i vest.
Les meir.

- Betre enn vi drøymde om

Det mangla ikkje godord då dei politiske leiarane i Hordaland, Bergen, Askøy, Sund, Fjell og Øygarden oppsummerte Sykkel-VM på ein pressekonferanse på torsdag denne veka.
- Det var eit einaste stort eventyr og folkefest. Vi har opplevd ei forbrødring mellom bergensar og stril vi kan leva lenge på. Dette vart betre enn vi drøymde om, og vi hadde høge forventningar, sa ordførar i Øygarden, Børge Haugetun.
Les meir.

Skal utgreia sak om betaling for parkering

Kommunestyret vedtok på torsdag å be rådmannen å utgreia ordning der tilsette betalar for parkering ved kommunale bygg, med sikte på innføring innan utgangen av 2018. Innan første februar skal det liggja føre sak om ordninga. Elles behandla kommunestyret sak om delegering av myndigheit for oreigning og branndokumentasjon.
Les meir.

OL-stemning ved opninga av Hamramyra barnehage

Det var nok ein og annan som tenkte tilbake på Lillehammer OL i 1994 då Hamramyra barnehage vart offisielt opna i dag. Ei gruppe i barnehagen slo til med OL-floka og fekk opp stemninga blant dei inviterte gjestene, trass i at det i dag var 20 varmegrader og ikkje 20 kuldegrader. Saman med ordførar Marianne Sandahl Bjorøy kunne Kasper Andreas klippa snora ved inngangen til barnehagen.
Les meir.

Klart for første møte i fellesnemnda

Konstituering, budsjett, overføring av møta i fellesnemnda på nett-TV og nedsetjing av utval er nokre av sakene på det første møtet i fellesnemnda. Fellesnemnda avløyser førebuande fellesnemnd som hadde sitt siste møte 16. juni. Fellesnemnda skal etter inndelingslova samordna og ta seg av førebuinga av samanslåingsprosessen.
Les meir.

Føreslår å kopla saman vassleidning med Bergen

Rådmannen går inn for at det vert lagt ned ny vassleidning i samband med bygging av ny sotrabru. Saka vert lagt fram for behandling i formannskapet den 4. oktober. Ein ny forsyningsleidning i den nye brua er kostnadsrekna til 20 millionar kroner. Det er lagt til grunn at kostnaden kan delast likt mellom Fjell og Bergen kommunar.
Les meir.

Markerte start for Fjell som språkkommune

Fjell kommune er ein av fire kommunane i Hordaland som er plukka ut til å vera språkkommune. På landsbasis er det 28 kommunar som så langt har fått tilbod om å vera språkkommune. På tysdag var det startmøte og refleksjonssamling i kultursalen i Fjell rådhus.
Les meir.

Fekk kurs i brannvern og førstehjelp

På måndag denne veka fekk om lag 30 nye lærlingar i Fjell opplæring i brannvern og førstehjelp. Det var Sotra brannvern som heldt brannvernkurset der lærlingane mellom anna fekk prøva seg å sløkka brann. I tillegg vart det gjeve teoretisk opplæring. Dette er ein viktig del i opplæringsplanen for dei forskjellige faga.
Les meir.

Treng kandidatar til Gründerprisen 2018

Norges Vel ønskjer gode kandidatar til Gründerprisen 2018. Prisen vert delt ut til personar som har gjort ein særleg innsats i sitt eige lokalsamfunn, organisasjon eller bedrift.
Les meir.

Historisk skuleleiarsamling på Knappskog skule

75 skuleleiarar og ressurspersonar frå Fjell, Sund og Øygarden var torsdag samla på Knappskog skule. Bakgrunnen var at opplæringslova vart endra frå 1. august med eit oppdatert kapittel 9A «Elevane sitt skolemiljø».
Les meir.

 


Publisert: 29.09.2017 13:22
Sist endret: 29.09.2017 13:44