Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 42 Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



La ned grunnsteinen for helsebygg på Straume

På torsdag føremiddag denne veka la dei tre ordførarane i regionen ned grunnsteinen for lokalmedisinsk senter på Straume. Nærare 100 personar var på plass for å markera grunnsteinnedlegginga som vart kombinert med kranselag (tett bygg). Med eit total kostnadsramme på 300 millionar kroner, er dette det desidert største og mest komplekse bygg Fjell kommune har vore byggherre for.
Les meir.

Svekka tenestetilbod i 2018

- Velkomen til eit krevjande budsjettseminar med mange vanskelege problemstillingar! Det var orda rådmann Steinar Nesse møtte kommunestyremedlemene og administrative leiarar på budsjett- og strategiseminaret på Flesland måndag føremiddag. Budsjettramma for 2018 er på 1,8 milliardar kroner. For å kunne leggja fram eit budsjettframlegg i balanse, er det budsjettert med finansavkastning på fem millionar kroner og 5,4 millionar kroner i eigedomsskatt.
Les meir.

Orienterte om ny kommune

- Gjennom dialog og møte ønskjer vi å skapa ei felles forståing for kva oppgåver og utfordringar vi har framfor oss i arbeidet med å slå saman tre kommunar til Nye Øygarden kommune. Dette var oppsummeringa til prosjektleiar Paul Manger då han møtte kommunestyret og den administrative leiinga i Fjell kommune på budsjett- og strategisamlinga på Flesland på tysdag denne veka.
Les meir.

Lyderhorntunnelen vart opna natt til sundag

Litt før klokka eitt natt til sundag vart Lyderhorntunnelen opna for trafikk. Fredag og til dels laurdag var prega av store køar som følgje av at tunnelen måtte stengjast for å skifta dei gamle viftene.
Les meir.

Plan for Angeltveitvegen klar til sluttbehandling

Kommunestyret skal på møtet den 26. oktober ta stilling til detaljregulering for Angeltveitvegen, Angeltveit. Planområdet er på 20 dekar og legg til rette for bygging av totalt 50 bustadeiningar. Einingane er i form av einebustader og konsentrerte bustader med infrastruktur, felles grøntareal og leikeplass. Eitt av rekkjefølgjekrava er føreslått teke ut av planen. Andre saker er utbygging av vassleidningar og rullering av kommunedelplan for Straume.
Les meir.

Knappskog skule og Kunnskapsbyen på OTD-messa i Stavanger

Knappskog skule er og i år invitert med på Vest Næringsråd sin stand på OTD-messa. I år er oljemessa i Stavanger, og Ingvild V. Skogestad representerer kunnskapsbyen i Vest saman Andreas Nordeide som har ansvar for skule-næringslivssamarbeidet for skulesjefen. Også Nye Øygarden kommune deltok på OTD-messa med felles stands saman med Vest Næringsråd og Kunnskapsbyen.
Les meir.

Ei takk til Tubfrim for ei opplevelsesrik helg!

I Fjell kommune har vi to flotte ungdomsklubbar som kallar seg for Jente og Gutteklubben. Vi heldt til på Psykiatrisk Dagsenter og er for ungdom som har ulike utfordringar. I slutten av august var vi så heldig å få 10.000 kr i støtte frå TUBFRIM.
Les meir.

 


Publisert: 20.10.2017 14:24
Sist endret: 20.10.2017 14:42