Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 43 Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Legg fram 2018-budsjett i balanse

Komité for drift og forvaltning (KDF) skal på møtet den 31. oktober som første instans behandla budsjettet for 2018, økonomiplanen for 2018-2021 og kommunen sin handlingsdel 2018-2021. Budsjettforslaget frå rådmannen er på 1,79 milliardar kroner er lagt fram i balanse etter at sektorane har fått trekt ned sine rammer med totalt 22,1 millionar kroner. Budsjettet er elles ei vidareføring av aktivitetsnivået frå 2017.
Les meir.

Godkjente plan for Angeltveitvegen

Kommunestyret godkjente i dag detaljregulering for Angeltveitvegen, Angeltveit. Planområdet er på 20 dekar og legg til rette for bygging av totalt 50 bustadeiningar.
Andre saker: Utbygging av nye vassleidningar og rullering av kommunedelplan for Straume.
Les meir.

Ordføraren gratulerer Nest-Sotra med opprykk

Etter at Nest-Sotra slo Hønefoss borte laurdag ettermiddag, var det klart at laget frå Sotra spelar i 1. divisjon neste år. Laget enda opp med 54 poeng i 2. divisjon og betre målforskjell enn Notodden. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy er imponert over det Nest-Sotra har makta denne sesongen.
Les meir.

Stort engasjement om å vera frivillig

20 personar møtte opp då Fjell frivilligentral inviterte til frivilligforum i den oppussa frivilligsentralen på Sartor Storsenter i går. Vi starta med ei liten rundtur i dei nye lokala. Dagleg leiar Stine Sanden var tydelig stolt då ho peika på mellom anna nytt kjøleskap og ny kjøkkenbenk. Dei frivillige såg ut til å lika både lokala, bollane og sjokoladekaka.
Les meir.

780 tusen til TV-aksjonen frå Fjell

Det kom om lag 780 tusen kroner til TV-aksjonen frå Fjell. Dette utgjer 30,56 kroner pr. innbyggjar. Pengane går til UNICEF sitt arbeid for å gje utdanning til barn ramma av krig og konflikt. Sjølv om dette er ein liten nedgang samanlikna med 2016, er leiar av den lokale innsamlingskomitéen, Eli Årdal Berland, god nøgd med resultatet.
Les meir.

FjellVAR innfører pant på plast!

FjellVAR har saman med Norsk Gjenvinning og kommunane Fjell, Sund og Øygarden fått tilskot til eit større prosjekt for å halde oppe engasjementet kring strandrydding i regionen vår.
Les meir.

Knappskog skule tok imot besøk frå Torino.

Torsdag 26. oktober fekk Knappskog skule besøk av tre italienske skulefolk frå Torino. Det var lærarar med særleg ansvar for IKT som besøkte Knappskog, og dei er i Bergen for å besøke fleire skular i forkant av ei større digital omlegging av skulane i Torino.
Les meir.

Velkomen til Kulturskuleveke

Fjell kulturskule ønskjer velkomen til Kulturskuleveke med ustilling og konsertar neste veke.
Les meir.

Foldneselevar les Norge på langs

Tysdag 24.oktober var igjen elevene ved Foldnes skule samla på skuleplassen for opning av den årlege Leselystaksjon. Vi starta med å synge skulen sin eigen lesesong, deretter kom elevrådet ut på skuleplassen ikledd skulen sin leseorm.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy neste veke 44

  • 30.10.: Møte i Fellesnemnda
  • 31.10.: Komitemøte KDF
                Folkemøte om kollektivtransport på Bjorøy
  • 01.-02.11.:  Staten møter kommunane, Fylkesmannen i Hordaland
                       Årsfest i VNR

 

 


Publisert: 27.10.2017 11:15
Sist endret: 27.10.2017 11:39