Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 44 Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Leiarvervet i fellesnemnda går på omgang

Med 16 mot eí røyst vedtok fellesnemnda på måndag denne veka at leiarvervet i fellesnemnda skal gå på omgang mellom dei tre ordførarane i regionen. Dette innebér at Kari-Anne Landro vert leiar i perioden oktober 2017 - mai 2018, ordførar Børge Haugetun perioden juni 2018 - januar 2019, medan Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy leiar fellesnemnda i perioden januar 2019 til september 2019.
Les meir.

Vurderer å leggja ned Liljevatnet og Tellnes skular

I framlegget til budsjett for 2018 ber Arbeidarpartiet og Høgre rådmannen om å vurdera om elevane frå Tellnes skule kan overførast til Skogsvåg skule i Sund frå hausten 2018. I framlegget vert det også bedt om å få vurdert om elevane på Liljevatnet skule kan overførast til Brattholmen skule eller Hjelteryggen skule frå skuleåret 2019/2020. Forslaget vart presentert på møtet i komité for drift og forvaltning (KDF) tysdag kveld.
Les meir.

Sjå redigert film om regionen med norsk og engelsk tekst!

No ligg det føre fleire variantar av filmen om Nye Øygarden kommune.I samband med Sykkel-VM lanserte dei tre kommunane ein promoteringsfilm for Nye Øygarden kommune. No ligg det føre nyredigert utgåve med klipp frå Sykkel-VM og lysshow på Pyttane med både norsk og engelsk tekst.
Les meir.

18 kommunar har sagt ja til brannvernsamarbeid

Så langt har 18 av 32 kommunar sagt ja til å delta i etableringa av Vest brann- og redningsregion. Dette var opplyst på onsdag då statsetatane i regi av Fylkesmannen møtte kommunane til den årlege samlinga på Solstrand i Os. Regionen vår var representert ved ordførarane og rådmennene i dei tre kommunane i vest.
Les meir.

- Vi kastar altfor mykje mat!

Tysdag føremiddag er eit bord midt i klasserom 221 på Fjell ungdomsskule fullt opp med matvarer elevane har teke med seg frå kjøkenet heime. Alle varene er datomerka, og alle varene er gått ut på dato. Denne veka markerer dei 520 elevane på skulen berekraftsmåla til FN.
Les meir.

Plan for Landrovegen klar for sluttbehandling

Komité for plan og utvikling skal på møtet den 7. november ta stilling til detaljreguleringsplan for Landrovegen, Polleidet. Rådmannen går inn for at planen vert godkjent. Planen legg til rette for oppføring av maksimalt 70 bustadeiningar i to-tre etasjar, leikeplassar, grøntareal, turveg og gangbru over Angeltveitvassdraget. Andre saker: Førespurnad om regulering til næring på Valen og plan for ROP-hus Søre Bildøyna.
Les meir.

Fekk medaljar for deltaking i Tysklandsbrigaden

Fredag ettermiddag i siste veke fekk 93 år gamle Ingolf Mikal Ulveseth utdelt to medaljar for innsatsen sin i Tysklandsbrigaden etter andre verdskrig. Det var orlogskaptein Torstein Heimdal som delte ut medaljane på vegner av Forsvaret. Han viste mellom anna til det forsvarsminister Jens Christian Hauge sa om oppdraget til Tysklandsbrigaden.
Les meir.

Føreslår forbod mot fyrverkeri

Rådmannen presenterer forslag til lokal forskrift om forbodssone for oppskyting av privat fyrverkeri. Saka ligg på bordet til formannskapet den 8. november. I framlegget til forskrift står det at forskrifta regulerer all bruk av fyrverkeri innanfor oppgjevne område på privat og offentleg stad. Formannskapet skal også behandla budsjettet for 2018, økonomiplanen og kommuneplanen sin handlingsdel.
Les meir.

Tilbod om influensavaksine

Dei som er i risikogruppe, kan ein no få hos fastlegane, eller hos helsetenester Vest - Reisevaksiner. Ta vaksinen helst før 1. desember. Les meir.

Startar opp arbeidet i arbeidsutvala

Komande veke skal to utval oppnemnd av fellesnemnda ha sine to første møte. Tysdag den 7. november kl. 14.00 vert det møte i utval for politisk styringsstruktur. Det andre utvalet som skal sjå på eigarskapsmodellar har sitt møte torsdag den 9. november klokka 09.00. Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (44)

  • 30.10.: Møte i Fellesnemnda
  • 31.10.: Komitemøte KDF
                Folkemøte om kollektivtransport på Bjorøy
  • 01.-02.11.: Staten møter kommunane, Fylkesmannen i Hordaland
    Årsfest i VNR

Ordføraren neste veke (45)

  • 07.11.: Fellesnemnda/arbeidsutvalg (Nye Øygarden kommune)
                Komitemøte, komité for plan og utvikling
  • 08.11.: Formannskapsmøte
                Opning av Kiwanis høstutstilling
  • 09.11.: Pressekonferanse Statoil, Valemon fjernopning frå land
                Møte med Noregs Mållag

 


Publisert: 03.11.2017 13:50
Sist endret: 03.11.2017 14:21