Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 45 Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Jublar for avgjerd om CO2-lagring i Øygarden

Ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, gler seg stort over at Gassanova og Statoil har avgjort at eit mottaksanlegg for C02 skal byggjast på CCB Kollsnes AS sin grunn i Naturgassparken i Øygarden. Dette vert viktig for den nye kommunen. -
- Denne avgjerda fører til at regionen får det fremste i landet på grøn teknologi, seier Børge Haugetun.
Les meir.

Ønskjer budsjettsamarbeid

Fleire av medlemer i formannskapet gav i dag uttrykk for at dei ønskjer eit budsjettvedtak i kommunestyret i desember som får brei støtte. På møtet onsdag ettermiddag vart det vedteke å leggja ut budsjettgrunnlaget med endringsframlegg ut på høyring. Formannskapet går elles inn for å innføra forbodssone mot fyrverkeri.
Les meir.

God start på arbeidet i utvala for eigarskap og politisk organisering

To av utvala fellesnemnda har sett ned, hadde sine to første møte denne veka. På tysdag ønskte leiar i utval for politisk styringsstruktur, Marianne Sandahl Bjorøy, velkomen til sitt første møte, medan utval for eigarskapsmodellar, leia av Atle Dåvøy, var samla til sitt første møte torsdag føremiddag.
Les meir.

Ungdomspolitikarane er viktige for samfunnsutviklinga

På tysdag denne veka var ungdomsråda/ungdommens kommunestyre i Sund, Fjell og Øygarden samla til felles opplæringsdag. Det var mellom anna innlegg ved prosjektleiar for Nye Øygarden kommune, Paul Manger, og leiar av komité for drift og forvaltning, Ernst Einarsen. Ordførar i Øygarden Børge Haugetun helsa ungdomane velkomen til opplæringsdagen.
Les meir.

Får ikkje løyve til å regulera til næring på Valen

Komité for plan og utvikling vedtok med seks mot tre røyster (FrP, Sotralista og Senterpartiet) at det ikkje skal gjevast løyve til å starta opp arbeid med reguleringsplan for nytt næringsareal på Valen på Litlesotra. Komitéen slutta seg dermed seg til innstillinga frå rådmannen. Elles innstiller komitéen overfor kommunestyret å godkjenna plan for ROP-hus på Bildøyna (ROP: rus og psykiske lidingar).
Les meir.

Eit fleirkulturelt personalmøte i Ågotnes og Hamramyra barnehage

Sist torsdag hadde Ågotnes og Hamramyra barnehage personalmøte, og desse barnehagane er fokusbarnehagar i Fjell kommune. Det vil seia at dei er med i eit prosjekt med NAFO (Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring), der ein jobbar for å ivareta og synleggjera mangfoldsperspektiv og fleirkulturalitet i barnehagen.
Les meir.

Søk tilskot frå UKS innan 20.november

Ungdommens kommunestyre (UKS) i Fjell har kr. 50.000 å dele ut til aktivitetar, arrangement, tilbod eller andre tiltak retta mot ungdom i kommunen.
Les meir.

Inviterer til skogdag ved Russarstegen

Onsdag den 15. november kl. 13 til 17 inviterer Nortømmer til skogdag med demonstrasjon av moderne hogstteknikk. Det vert bevertning med ekte skogskaffi, bollar og saft.
Les meir.

Seminar for team for vald- og overgrepssaker

31. oktober – 1. november var alle konsultasjonsteam for vald- og overgrepssaker i region vest samla til seminar og feiring på Solstrand.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (45)

  • 07.11.: Fellesnemnda/arbeidsutvalg (Nye Øygarden kommune)
                Komitemøte, komité for plan og utvikling
  • 08.11.: Formannskapsmøte
                Opning av Kiwanis høstutstilling
  • 09.11.: Pressekonferanse Statoil, Valemon fjernopning frå land
                Møte med Noregs Mållag

Ordføraren neste veke (46)

  • 13.11.: «Ein bit av Norge» - møte i Øygarden
  • 14.11.: Representantskapsmøte i Øygarden brann og redning
  • 15.11.: Møte med Skyss og Hordaland fylkeskommune
  • 16. – 17.11.: KS – Nettverkskonferanse

 


Publisert: 10.11.2017 12:49
Sist endret: 10.11.2017 13:04