Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 46 Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Ønskjer å sikra identitét og samspel mellom innbyggjarane

Til møtet i fellesnemnda den 20. november ligg det føre forslag om å setja ned ei arbeidsgruppe som skal arbeida med identitetsbygging og samspel mellom innbyggjarne i kommunane i utviklinga av lokaldemokratiet. Andre saker; korleis sikra suksess med gjennomføringa av kommunesamanslåinga og arkiv og sakssystem.
Les meir.

Klart for første møte i partssamansett utval

Prosjektleiar føreslår at hovudsamanslutningsmodellen vert mal for partsfohold i arbeidet med å etablera Nye Øygarden kommune. Dei fire pilarane i partsarbeidet i prosjektorganisasjonen for Fjell, Sund og Øygarden vert LO kommune, YS kommune, Unio og Akademikerne. Til det første møtet i partssamansett utval (PSU) den 21. november vert det lagt fram forslag til struktur for arbeidsgrupper som skal nemnast opp.
Les meir.

Ordføraren oppmodar oss til å bruka kommune-appen

Med tre – fire lette trykk på mobiltelefonskjermen kan du senda inn søknad om barnehageplass om du lastar ned appen til Fjell kommune. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy har ikkje tenkt å søkja om barnehageplass, men er meir interessert i å finna meir ut av dei mange turløypene i Fjell. På appen er det god informasjon om 13 turløyper i kommunen.
Les meir.

Inviterer til ope møte om kulturminneplanen

Onsdag den 22. november kan du verta kjent med arbeidet med kulturminneplanen og gje informasjon om kulturminne du sjølv kjenner til. Der vil du møta planleggjarar frå kommunen, frivillige som arbeider med registrering av kulturminne og arkeologar som deltek i utgravingane knytt til arbeidet med Sotrasambandet.
Les meir.

Loppemarknad på introduksjonsprogrammet

Torsdag 9. november blei det arrangert loppemarknad for deltakarane på introduksjonsprogrammet i kommunen. Arrangementet fann stad i underetasjen på kraftsenteret.
Les meir.

Miniseminar om kompetanseheving og læring

På Knappskog har skulesektorane i Askøy, Fjell, Sund og Øygarden, hatt miniseminar med universitets-og høgskulemiljøet, Universitet i Bergen, NLA Høgskulen og Høgskulen på Vestlandet.
Les meir.

Finalist til innovasjonsprisen for andre år på rad

Knappskog skule er finalist til IKT-senteret sin innovasjonspris for andre år på rad. Skulen frå Fjell er i finalen saman med Byskolen i Sandefjord og Mailan VGS.Innovasjonsprisen er ein viktig pris for skulesektoren, og har som føremål å løfte fram skular som jobbar heilskapleg og innovativt med elevane si læring.
Les meir.

Korleis gjera Straume endå meir attraktivt som buområde?

På vegne av Fjell kommune gjennomfører Telemarksforsking i desse dagar ei undersøking om bustads- og bumiljøpreferansar. Mange innbyggjarar har fått undersøkinga tilsendt som lenkje via sms og sendt inn svar allereie, men vi håpar at endå fleire vil bidra med sine synspunkt på kva som vil vera gode bustads- og bumiljøkvalitetar for barne- og ungdomsfamiliar i regionsenteret Straume.
Les meir.

Utlysning av nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom for 2018

Barne- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) utlyser nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom. I regjeringa sitt framlegg til Statsbudsjett 2018 er det sett av 224,441 millionar til "Nasjonal tilskuddsordning mot barnefattigdom". Midlane vert no lyst ut med atterhald av Stortinget si løyving.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (46)

  • 13.11.: «Ein bit av Norge» - møte i Øygarden
  • 14.11.: Representantskapsmøte i Øygarden brann og redning
  • 15.11.: Møte med Skyss og Hordaland fylkeskommune
  • 16. – 17.11.: KS – Nettverkskonferanseo

 


Publisert: 17.11.2017 15:02
Sist endret: 17.11.2017 15:18