Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 48 Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Innfører forbod mot fyrverkeri i delar av Fjell

Kommunestyret vedtok på torsdag at det skal innførast forbod mot fyrverkeri i delar av Fjell kommune. Kommunestyret vedtok ei lokal forskrift om forbod mot oppskyting av fyrverkeri i delar av kommunen. Elles godkjende kommunestyret detaljereguleringsplan for bustad (rus- og psykiatri) på Søre Bildøyna og behandla sak om mottak av flyktningar.
Les meir.

Drøftar tiltak mot kø på riksveg 555

Formannskapet skal på møtet den 6. desember ta stilling til kva tiltak som kan setjast i gang for å redusera køen på riksveg 555. Den siste tida har talet på trafikk på strekninga mellom Litlesotra og Bergen særleg auka i morgonrushet i austleg retning (mot Bergen). Elles skal formannskapet gje innstilling om oppfølging av at vigselsmyndigheita er overført til kommunen.
Les meir.

Føreslår å etablera 134 ladepunkt for el-bil

Rådmannen går inn for at det vert etablert ein ladestruktur for el-bil på kommunale parkeringsområde. Totalt vert det føreslått å leggja til rette for 134 nye ladepunkt. Andre saker: Budsjett for 2018 og driftsform for ny ungdomsklubb på Ågotnes.
Les meir.

Plan for Landrovegen, Polleidet klar for sluttbehandling

Detaljreguleringsplan for bygging av maksimalt 70 bustadeiningar på Polleidet er klar for sluttbehandling. Det er no føreslått å leggja inn ekstre rekkjefølgjekrav om utbetring av ein del av Landrovegen. Komité for plan og utvikling (KPU) behandlar saka den 5. desember.
Les meir.

Vil involvera innbyggjarane

Tysdag denne veka var utvalet som skal arbeida med lokaldemokrati og identitet samla til sitt første møte. Utvalet konstituerte seg med Tom Georg Indrevik som leiar og Christel Møvik-Olsen som nestleiar. identitet) skal leggja vekt på medverknad frå innbyggjarane og identitetsskapande arbeid. Tema i drøftinga var mellom anna involvering av den frivillige sektoren og tiltak særleg retta mot nærmiljøet i grendene, merkevarebygging, retorikk og felles arrangement.
Les meir.

Føeslår modell med formannskap og to hovudutval

Med seks mot eí røyst går utval for politisk styringsstruktur inn for å leggja ein modell med formannskap og to hovudutval til grunn for det vidare arbeidet i arbeidet med ny kommune. Mindretalet går inn for ei løysing med tre hovudutval.
Les meir.

Stor interesse for nytt band i serien Fjell bygdebok

- I Fjell har det budd folk med kulturelt særpreg lenge før Sotrabrua kom, sa leiar i bygdeboknemnda, Atle Justad, då han onsdag kveld ønskte dei 70-80 frammøtte i Fjell folkeboksamling velkomen til boklansering der det sjette bandet i serien Fjell bygdebok vart presentert. Det sjette bandet «Mellom havet og byen» på 720 sider handlar om samfunnsutviklinga frå 1700 til 1910.
Les meir.

Vil realisera prosjekt om kunnskapsby

Regionrådet Vest konkluderte på møtet på måndag denne veka med at prosjektet «Framtidas kunnskapsby» i Nye Øygarden kommune skal vidareførast. I tillegg skal det utarbeidast eit notat som skisserer alternativ til plassering av ny vidaregåande skule i Straume-området.
Les meir.

Ottesong i Foldnes kyrkje

Fjell kulturskulekor ønsker velkomen til Ottesong i Foldnes kyrkje tysdag 12. og onsdag 13. desember.
Les meir.

Digitale klasserom i praksis

Måndag 27. november var utval for samordna regional digitalisering på besøk på Knappskog skule. Samordna regional digitalisering er eit samarbeid mellom Bergen, Os, Askøy, Fjell og Lindås kommunar.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (48)

  • 27.11.: Styremøte i Regionrådet Vest
  • 29.11: Møte i utvalet for politisk organisering (Nye Øygarden kommune)
               Lansering av Fjell sitt siste band av Fjell bygdebok
  • 30.11.: Kommunestyremøte

11 Ordføraren neste veke (49)

05.12.: Debatt om næringsutvikling ,Vest Næringsråd
Treff på biblioteket
Komitèmøte06.12.: Opplæring, kommunale vigsler
Formannskap07.12.: Representantskapsmøte HOG

 


Publisert: 01.12.2017 12:31
Sist endret: 01.12.2017 12:43