Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er vekerapport for veke 49.

Føreslår tiltakspakke mot kø i trafikken

Formannskapet sluttar seg til eit forslag frå Arbeidarpartiet og Høgre om ei rekkje tiltak som kan redusera køen på riksveg 555 på Litlesotra. Formannskapet drøfta på onsdag denne veka utfordringa med kø i rushtida, særleg retning Bergen sentrum om morgonen.
Andre saker; revisjon av politivedtekter, vigselrett og einerett for BIR Transport AS.
Les meir.

Vil bruka tre millionar ekstra til trafikksikring

Arbeidarpartiet og Høgre ønskjer å bruka meir pengar på å sikra dei mjuke trafikantane langs Idrettsvegen på Straume. Komité for drift og forvaltning (KDF) behandla på tysdag kommuneplanen sin handlingsdel 2018-2021, årsbudsjettet for 2018 og økonomiplanen 2018-2021. Andre saker; nye ladestasjonar for kommunale tenestebilar, prioritering av spelemiddeltilskot og forskottering til kunstgrasdekke.
Les meir.

Nye lokale for rus-team i Røde Kors-huset

På onsdag klipte ordførar Marianne Sandahl Bjorøy den raude snora for å markera den offisielle opninga av nye lokale for ruskonsulentane og Fact-team. 11 medarbeidarar disponerer vel 200 kvadratmeter i den øvste etasjen i Røde Kors-huset. Fact-team er eit ambulerande team for personar som slit med rus- og psykiatri. Saman med ruskonsulentane har teamet fram til det nye lokalet vart teke i bruk i august, vore lokalisert i NAV-lokala i andre etasje i Fjell rådhus.
Les meir.

Behandlar budsjett for fellesnemnda

På det siste møtet i fellesnemnda før jul, ligg det føre forslag til budsjett for 2018 og 2019. Det er også presentert årsprognose for 2017. Møtet i fellesnemnda den 11. desember vert overført direkte på nett-TV. Ande saker; søknad om støtte til kyrkjeleg fellesnemnd, korleis sikra god samanslåingsprosess og drøfting knytt til lokaldemokrati og identitet.
Les meir.

Tilrår plan for Landrovegen, Polleidet

Komité for plan og utvikling (KPU) går inn for å godkjenna detaljreguleringsplan for bygging av maksimalt 70 bustadeiningar på Polleidet. Det er no føreslått å leggja inn ekstra rekkjefølgjekrav om utbetring av ein del av Landrovegen. KPU behandla saka på tysdag. Elles vedtok komitéen å leggja plan for Trettevik ut på høyring.
Les meir.

Informasjonsfaldar til husstandane

Denne veka har innbyggjarane i Sund, Fjell og Øygarden fått ein informasjonsfaldar i postkassen. I foldaren finn du kort informasjon om korleis arbeidet med å danna ein ny kommune i regionen er organisert og kva arbeid som er i gang.
Les meir.

Registreringsplikt for å selje tobakk og tobakkssurrogat

Alle som sel tobakk og tobakkssurrogat, som for eksempel e-sigarettar, MÅ registrere seg innan 31. desember 2017. Registeret vart opna 1. november. Kommunane skal føre tilsyn med tobakkssalet.
Les meir.

Knappskog skule fekk Innovasjonsprisen 2018

På torsdag denne veka vart Knappskog skule tildelt Innovasjonsprisen til Senter for IKT i utdanningen. - Knappskog skule får Innovasjonsprisen for sitt fokus på koding
som verktøy for å gje elevane digital kunnskap og kompetanse på tvers av faga, seier direktør Trond Ingebretsen i Senter for IKT i utdanningen.
Les meir.

Klart for budsjettbehandling i kommunestyret

Torsdag den 14. desember skal kommunestyret ta stilling til budsjettet for 2018. Også
kommuneplanen sin handlingsdel og investeringsbudsjettet skal vedtakast. Driftsbudsjettet har
ei ramme på om lag 1,79 milliardar kroner. Det er også andre saker til behandling, til dømes køsituasjonen på riksveg 555.
Les meir.

 

 

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (49)

  • 05.12.: Debatt om næringsutvikling ,Vest Næringsråd
                Treff på biblioteket
                 Komitèmøte
  • 06.12.:  Opplæring, kommunale vigsler
                 Formannskap
  • 07.12.:  Representantskapsmøte HOG

Ordføraren neste veke (50)

  • 11.12 Møte i Fellesnemda Nye Øygarden kommune
  • 13.12 Møte i integreringsrådet
  • 14.12 Kommunestyremøte
  • 15.12 Møte i Bergen og Omland havneråd

 


Publisert: 07.12.2017 12:36
Sist endret: 08.12.2017 14:41