Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

I vekerapporten for veke 50 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Vedtok budsjettet for 2018

Torsdag ettermiddag vedtok kommunestyret i Fjell budsjettet for 2018. Det var budsjettframlegget til Arbeidarpartiet og Høgre som vart vedteke. Også KrF støtta dette forslaget. Driftsbudsjettet har ei ramme på om lag 1,8 milliardar kroner.Andre saker; tiltak mot kø på riksveg 555 og godkjenning av plan for Landrovegen, Ågotnes.
Les meir. 

Utsette behandling av søknad frå kyrkjeleg fellesnemnd

Fellesnemnda for Nye Øygarden vedtok på møtet på måndag denne veka å utsetja behandling av søknaden frå kyrkjeleg fellesnemnd på 2,9 millionar kroner for 2018 og 2019. Prosjektleiar Paul J. Manger hadde innstilt på at fellesnemnda løyvde 300 tusen kroner i 2018 og 300 tusen kroner i 2019 til kyrkjeleg fellesnemnd sitt arbeid med å slå saman dei kyrkjelege fellesråda. Fellesnemnda legg til grunn at prosjektleiar har dialog med kyrkjeleg fellesnemnd ved behov og gjev orientering om grunngjevinga for innstillinga før behandling i fellesnemnda.
Andre saker: Budsjett for fellesnemnda og drøfting av mandat for arbeidsgruppe for lokaldemokrati og identitet.
Les meir

Det ulukkelege partnarskapet

Prost Erling Kopperud såg tilbake og gav kommunestyrerepresentantane litt kyrkjehistorie då han helsa til dei på budsjettmøtet på torsdag. Sjølv flytta han ut av prestegarden på Fjell gard i sommar. Med det siste bandet av Fjell bygdebok, band VI «Mellom havet og byen» som hovudkjelde kunne Kopperud fortelja om det ulukkelege kyrkjelege partnarskapet mellom Fjell og Askøy. Fjell sokn vart i si tid skild ut frå Sund sokn og slått saman med Askøy til eitt prestegjeld.
Les meir. 

Fjell vaksenopplæring på tur til Fjell festning

På tysdag var ca. 85 deltakarar frå Fjell vaksenopplæring på tur til Fjell festning i regi av Sotra villmarksenter. Dei fekk ein flott fottur opp i strålande vinterver, og spanande omvising av lokale guidar i festningsanlegget.
Les meir.

Lucia-tog på rådhuset

Rådhuset fekk idag besøk av barn og vaksne i Tussetjødna barnehage som gjekk Lucia- tog gjennom dei ulike etasjane.
Les meir

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (50)

  • 11.12.: Møte i Fellesnemda Nye Øygarden kommune
  • 13.12.: Møte i integreringsrådet
  • 14.12.: Kommunestyremøte
  • 15.12.: Møte i Bergen og Omland havneråd

Publisert: 15.12.2017 12:57
Sist endret: 15.12.2017 13:10