Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

I vekerapporten for veke 51 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Jule- og nyårshelsing frå ordføraren

- Det nærmar seg jul med stormskritt, og dei tilsette har starta nedtrappinga til ein god og velfortent juleferie. Det har vore eit svært travelt år med mange små og store hendingar som har sett sitt preg på kvardagen vår. Slik innleiar ordførar Marianne Sandahl Bjorøy jule- og nyårshelsinga.
Les meir.

Fastset Øygarden som namn på den nye kommunen

Tysdag denne veka fekk 23 nye kommunar fastsett kommunenamn. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i forskrift i dag avgjort at den nye kommunen samansett av Sund, Fjell og Øygarden, skal ha namnet Øygarden kommune. Avgjerda samsvarar med vedtak gjort i dei tre kommunestyra den 21. juni i år.
Les meir.

Kan trainee i Nye Øygarden kommune vera noko for deg?

Nye Øygarden kommune søkjer etter ein trainee som skal bidra til å styrkja og komplettera det eksisterande arbeidet med digitalisering i samband med å byggja Nye Øygarden kommune.
- Det kan jo henda at ein ung nyutdanna kandidat frå Sund, Fjell eller Øygarden ønskjer å koma tilbake til kommunane som ein viktig ressursperson, seier prosjektleiar Paul J. Manger.
Les meir.

Matkassar og presangar til 30 familiar

Også i år vert det delt ut matkassar og julegåver til familiar i Fjell. Tremorkirken gjev matkassane til barnevernet som fordeler dei vidare til familiane. Dette har vore ein årleg tradisjon frå 2011. I år vert det delt ut matkassar til 30 familiar. I matkassane er det diverse julemat, både middag, snop og snacks. I tillegg er det julegåver som er tilpassa barna i familien med tanke på alder og kjønn.
Les meir.

Elevar frå Knappskog skule underheldt på julemarknaden

Elevar frå 1. og 6. trinn skapte julestemning då dei underheldt frå scena på julemarknaden på Sartor Storsenter sundag 16. desember. Mange foreldre og familie elles var møtt fram for å høyra på.
Les meir.

Velkomen til temakafé

Ny stad og nytt tidspunkt for temakafé: Onsdag 17. januar kl. 17.00 - 19.00 på Fjell Seniorsenter, 4. etg på Sartor Storsenter. Målgruppe for kaféen er kreftramma og pårørande i Fjell, Sund og Øygarden.
Les meir.

Stort festfyrverkeri på Straume på nyttårsaftan

På nyttårsaftan vert det stort festfyrverkeri på Sotraplassen. Som i fjor vert det stort festfyrverkeri på Sotraplassen på Straume klokka 24.00 på nyttårsaftan.
Les meir.

Om borgarleg vigsel

Frå 1. januar 2018 har kommunane ansvar for gjennomføring av borgarlege vigsel i Noreg. Kommunen overtek ordninga etter Tingretten. Ordførar og varaordførar har etter lova mynde til å vigsle brudepar.
Les meir.

Dette skjedde hausten 2017

Folkefesten under Sykkel-VM er nok det dei fleste hugsar best frå det som skjedde i Fjell og regionen vår andre halvår 2017.Vi har laga ei oppsummering av litt av det som skjedde i året som ligg bak.
Les meir.

Gebyr- og brukarbetalingar for 2018

Kommunestyret gjorde 14.12.2017 vedtak om gebyr og betalingssatsar for 2018. Her finn du lokale forskrifter om kommunale gebyr for 2018 for saksfelta areal og regulering, Byggesak, og Kart og oppmåling, (kjem).
Les meir.

Nasjonal rådgjevingstelefon for pårørande

Pårørandesenteret i Oslo (PIO) har etablert ein landsdekkande rådgjevingstelefon for pårørande. Dette tilbodet gjeld heile landet.
Les meir.

Cecilia Brækhus kjem på julefeiringa til Way Forward

Way Forward gjentar suksessen i fjor, og inviterer til julefeiring for nye flyktningar i Fjell.
Julefesten vert arrangert i lokala til Way Forward i Grønamyrsvegen 4 på Straume den 26. desember (2. juledag) klokka 15.00-18.00.
Les meir.


Publisert: 22.12.2017 08:02
Sist endret: 22.12.2017 14:56