Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

I vekerapporten for veke 02 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Avklarte representasjon i arbeidsgrupper

På møtet i partssamansett utval (PSU) på onsdag var hovudsaka oppnemning av arbeidsgrupper knytt til arbeidsgjevarpolitikk. PSU slutta seg til tilrådinga frå prosjektleiar om å oppretta tre arbeidsgrupper. Dei tre arbeidsgruppene gjeld reglement og lønspolitikk, arbeidsgruppe for partssamarbeid og arbeidsgruppe for kompetanse og utvikling. Til møtet i dag (10.01.) låg det også føre mandat og framdriftsplan for arbeidsgruppa for reglement og lønspolitikk, og det er denne arbeidsgruppa som først skal gå i gang med arbeidet sitt.
Les meir

Topp internasjonal herrehandball i Sotra Arena

5. - 8. april vert det nok ein gong invitert til handballfest i Sotra Arena. I Gjensidige Cup 2018 møter Noreg toppnasjonane Danmark, Island og Frankrike i ei firenasjonarsturnering. Publikum vil oppleva handball i verdsklasse.
- Vi gjentar suksessen etter Møbelringen Cup i november. Det vert fullt hus i seks kampar i Sotra Arena. Allereie no er det selt sju-åtte tusen billettar. Møbelringen Cup var stort, dette vert minst like stort, seier dagleg leiar i Sotra Sportsklubb.
Les meir

80 elevar på Foldes får undervisning på Brattholmen neste skuleår

Som ein følgje av sanering av asbest, vil 6. og 7. årstrinn på Foldnes skule frå hausten av få undervisninga på Brattholmen skule. Den mellombelse overflyttinga av om lag 80 elevar (fire klassar) er ein konsekvens av budsjettvedtaket i kommunestyret i desember om å fjerna asbest på Foldnes skule.
- Ei mellombels ordning med skyss og alternativt undervisningslokale vil gje oss utfordringar, men dette skal vi få til, seier rektor på Foldnes skule, Ragnhild K. Magerøy.
Les meir

Kunstforedrag om Claude Monet og impresjonismen

Professor Gunnar Danbolt held kunstforedrag om Claude Monet og impresjonismen. 
Straume bu og servicesenteret torsdag 18.januar kl. 19.00.
Les meir

Kandidatar til kultur- og idrettsgalla 2018

Laurdag 17. februar skal Fjell kommune arrangera Kultur- og idrettsgalla 2018.I den samanheng ønskjer vi tilbakemelding på aktuelle kandidatar til hedersprisar, folkehelsepris, kulturpris, frivilligpris o.l. Vi ønskjer tilbakemelding på kven som har fått OL, VM, EM, NM-medaljar og teke Ungdoms- og juniormeisterskap innan idrett i 2017.
Les meir

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (02)

• 08.01.: Ordførarsamling på Stortinget

• 09.01.: Bergenskonferansen: debatt

• 10.01.: Partssamansett utval

• 11.01.: Omvising – prosjektleiar/ordførarar
              Møte i politisk organisasjonsutval

• 12.01.: Toppleiarsamling – Helse Bergen

Ordføraren neste veke (03)

• 15.01.: Fylkesstyremøte i KS

• 17.01.: Møte med fylkesordføraren vedr regionreforma

• 18.01.: Møte med NAV regionalt og ny kommune
              Møte med grunneigarane langs Foldnesvegen


Publisert: 12.01.2018 12:56
Sist endret: 12.01.2018 13:04