Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

I vekerapporten for veke 04 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Løyver 780 tusen kroner til kyrkjeleg fellesnemnd

Fellesnemnda for Nye Øygarden kommune vedtok på måndag denne veka å løyva 780 tusen kroner til kyrkjeleg fellesnemnd. Midlane skal gå til arbeidet med å slå saman og etablera ein ny kyrkjeleg fellesorganisasjon for Nye Øygarden kommune.
Andre saker i fellesnemnda: Status for utval for eigarskapsmodellar, fråsegn om budsjett- og økonomiplanar i kommunane, samordning av adressenamn og mandat for arbeidsgruppe for lokaldemokrati og identitet.
Les meir.

Varsel om vegstenging – Bildøyvegen

I samband med pågåande arbeid og sikring av ei fjellskjering, vert Bildøyvegen frå gamle Straumsundet bru til Ankerhagen stengd for køyrande i perioden 29. januar til 9. mars. Det vert sett opp gangtunell for gåande i denne perioden (29. januar til 9. mars), og det vert gjort avtaler om køyring til eigedomar for dei som vert direkte råka av stenginga.
Les meir

Dei likte det dei høyrte

Det spørst om ikkje operasongaren Nora Oleanne Sårheim fekk fleire operatilhengjarar i Fjell etter at ho framførte lystige og dramatiske operaverk i kultursalen i Fjell rådhus torsdag kveld. Nærare 90 frivillige i Fjell var invitert til frivilligfest. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy ønskte velkomen og snakka om kor viktige dei frivillige er for samfunnet. Kenneth Bruvik snakka også om dette og viste til det store engasjementet for å rydda vekk plast i strandsona.
Les meir

Samordna opptak i kommunale og private barnehagar

Fjell kommune gjennomfører samordna opptak for alle barnehagane i Fjell kommune 2018/2019. Dei som kjem inn under reglane for å kunne søkja om prioritert plass, må senda inn dokumentasjon i papirform. Søknadsfristen er 1. mars 2018.

Språkløyper i overgangen frå barnehage til skule

Omtrent 100 skule- og barnehagefolk var denne veka samla i kultursalen på Fjell rådhus for å arbeida med «Overgangspakken i Språkløyper». Dette er ein del av ei større statleg satsing på språk, lesing og skriving gjennom heile utdanningsløpet.
Les meir

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (04)

  • 22.01.: Fellesnemnda Nye Øygarden kommune
                Besøk på Fjell sjukeheim med komité for drift og forvaltning
  • 23.-24.01.: Strategikonferanse og fylkesmøte i KS
  • 25.01.: Frivilligfest
  • 26.01.: Omvisningstur i Øygarden

Ordføraren neste veke (05)

  • 29.01.: Møte med heimetenesta med komite for drift og forvaltning
  • 30.01.: Møte i utval politisk styringsstruktur Nye Øygarden kommune
  • 02.02.: Vigsel

 


Publisert: 26.01.2018 13:34
Sist endret: 26.01.2018 13:42