Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

I vekerapporten for veke 05 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Meiner strukturar kan gje stor innsparing

I ei sak om forslag til strukturendringar i Fjell kommune går det fram at kommunen kan oppnå ei innsparing på 10 millionar kroner i 2018. I utgreiinga går det fram at innsparinga aukar til om lag 40 millionar kroner i 2020. Saka vert behandla av komité for drift og forvaltning (KDF) den 6. februar. Andre saker: Mottak av flyktningar og fordeling av investeringsmidlar.
Les meir

Føreslår å kjøpa aksjar for 40 millionar i Ågotnes Næringspark

Rådmannen går inn for at Fjell kommune kjøper aksjar for 40 millionar kroner i Ågotnes Næringspark AS. Det er inngått ein intensjonsavtale om kjøp av aksjane under føresetnad av godkjenning i kommunestyret. Saka ligg til behandling i formannskapet den 7. februar. Andre saker: Kommune-ROS (Risko- og sårbarheitsanalyse) og konstituering av rådmann.
Les meir

Første vigselsdag i Fjell

Det var høgtid for Tone Kolsrud Schulstock og Bjarte Tennfjord då dei i dag sa ja til kvarandre framfor ordførar Marianne Sandahl Bjorøy. Dette var første dagen
Fjell-ordførar gjennomførte vigsel etter at ansvaret for borgarleg vigsel frå 1. januar i år vart overført til kommunane.
Les meir.

Avklart framdrift for Sotrasambandet

Regjeringa fremjar stortingsproposisjonen om Sotrasambandet (rv. 555) for Stortinget i mars. Det er statsministerens kontor som melder dette. Ordføraren er glad for at det no ligg til rette for at arbeidet med prosjektet kan starta som planlagt i 2020. I KS2-rapporten konkluderer kvalitetsgruppa med at prosjektet er samfunnsøkonomisk lønsamt med to milliardar kroner.
Les meir

Tre årstrinn på Bjorøy får mellombels undervisning på Liljevatnet

Som følgje av utbetring av Bjorøy skule, arbeider leiinga på Bjorøy skule og Liljevatnet skule med planar om mellombels flytting av 5. – 7. årstrinn neste skuleår. Liljevatnet skule har kapasitet til å ta imot desse elevane, og leiinga på skulen arbeider no med å leggja til rette for å ta imot dei om lag 50 elevane i dei tre årstinna frå Bjorøy skule.
Les meir

Frivillighuset på Ågotnes tek form

Utlån av fritidsutstyr til barn og unge og øvingslokale for musikkband står først på lista når det gjeld aktivitetar i det nye frivillighuset på Ågotnes. På møtet i ungdommens kommunestyre (UKS) på tysdag denne veka gav fritidsklubbleiar Svein Ekrem informasjon om arbeidet med å rusta opp det gamle helsehuset til lokale for dei unge. UKS drøfta også tema for felles møte med ungdomsråda i Sund og Øygarden.
Les meir.

Planlegg 42 nye bustader på Kleivane

Komité for plan og utvikling (KPU) skal på møtet den 6. februar ta stilling til om detaljreguleringsplan for Hjortefaret, Kleivane, skal leggast ut til offentleg ettersyn. Planområdet er på 80 dekar, og det vert lagt til rette for å byggja 42 nye bustadeiningar. Planen omfattar også infrastruktur, felles hus, felles uteopphaldsareal og leikearel. KPU skal behandla ni klagesaker.
Les meir

Førebur mellombels flytting for Skålevik-elevane

Som følgje av vedtaket i kommunestyret i desember om sanering av asbest på Skålevik skule, førebur skuleleiinga mellombels flytting av elevane frå hausten av. Foreldra og føresette på Skålevik og Ulveset skular har no fått informasjon om planlegging av arbeidet med flytting av elevane på Skålevik skule.
Les meir

Endrar møtestad for komitémøta den 6. februar

Både komité for drift og forvaltning (KDF) og komité for plan og utvikling (KPU) gjennomfører møta tysdag den 6. februar på rådhuset.
Les meir

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (05)

  • 29.01.: Møte med heimetenesta med komite for drift og forvaltning
  • 30.01.: Møte i utval politisk styringsstruktur Nye Øygarden kommune
  • 02.02.: Vigsel

Ordføraren neste veke (06)

  • 05.02.: Eigarmøte i BKK
                Konferanse: klimakunnskap om Fjellsamfunnet
  • 06.02.: Ordførarpraten på biblioteket kl. 12.-13.
                Komitemøte
  • 07.02.: Formannskapet

Publisert: 02.02.2018 10:45
Sist endret: 02.02.2018 10:59