Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

I vekerapporten for veke 07 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Struktursaka klar for behandling i kommunestyret

Den 22. februar skal kommunestyret ta stilling struktursaka der det mellom anna er føreslått endringar i skulestrukturen. Den 6. februar gjekk komité for drift og forvaltning (KDF) inn for å tilrå å leggja ned Tellnes skule frå august 2018 og Liljevatnet skule frå august 2019.
Andre saker: Aksjekjøp i Ågotnes Næringspark og busetting av flyktningar.
Les meir.

Mobbing er eit samfunnsproblem

Onsdag denne veka var 400 deltakarar på plass på konferansen «Landsbyen – saman mot mobbing» i Sotra Arena. Mellom anna var ein av verdas leiande fagpersonar når det gjeld mobbing, professor Sameer Hinduja, på plass. Seniorrådgjevar hjå barneombodet, Kjersti Botnan Larsen, understreka sterkt dei grunnleggjande rettane barnet har.
Les meir.

Viktig prinsippvedtak for Bjorøyna

Fylkesmannen i Rogaland, som har vore setjefylkesmann i ei klagesak, godkjenner eit vedtak i Fjell kommune om byggjeløyve og dispensasjon frå mellom anna støygrenser. Setjefylkesmannen slår fast at tiltaket er lovleg og ikkje treng dispensasjon. Leiar i komité for plan og utvikling, Heinning Ekerhovd, meiner at vedtaket til setjefylkesmannen også vil innebera at ved å planleggja avbøtande støytiltak, vil det verta lettare å byggja på Bjorøyna enn det har vore så langt.
Les meir.

Arbeider med å etablera felles NAV-kontor

Fylkesdirektør i NAV Hordaland har i brev bedd om at det så raskt som mogleg vert starta eit prosjekt med sikte på å slå saman dei tre NAV-kontora i regionen. Til møtet i fellesnemnda den 19. februar ligg det føre forslag om å gje prosjektleiar og dei tre rådmennene i oppgåve å utarbeida eit mandat for dette arbeidet. Elles skal fellesnemnda ta stilling til korleis ein skal følgja opp arbeidet med samordning av gebyrreglementa i kommunane.
Les meir.

Gjesteparkering

Parkeringsområdet ved Fjell rådhus, og ved Straume helsesenter/Fjell sjukeheim/Straume bu og servicesenter inkludert parkeringshuset, vert skilta og reservert til besøkande mot gyldig parkeringsløyve frå 15.02.2018. Parkering krev at besøkande hentar parkeringsløyve i resepsjonen. Løyvet vil vere gyldig i inntil fire timar og må leggast godt synleg i frontruta.
Les meir.

Planleggingsdag for barnehagetilsette

Fredag 9. februar var assistentane og pedagogane i 7 barnehagar samla på to ulike stader til planleggingsdag. Tema for assistentane var «Matematikk ute» og «Motorikk-leik på uteleikeplassen» Her var det henta inn ekspertise frå Høgskulen på Vestlandet v/Magni Hope Lossius og Trude Fosse. Og frå fysio-/ og ergoterapitenesta i vår kommune kom Laila Eithun Kobbeltvedt og Vibecke Samsonsen Lynge.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy neste veke (08)

  • 19.02.: Fellesnemnda
  • 20.02.: Møte utval politisk styringsstruktur Nye Øygarden kommune
                Politisk arbeidsutval
  • 22.02. Kommunestyremøte
  • 23.02 Møte i Bergen om nasjonal beredskapsklynge

 


Publisert: 16.02.2018 10:45
Sist endret: 16.02.2018 10:54