Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

I vekerapporten for veke 08 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Kommunestyret vedtok struktursak

Kommunestyret vedtok torsdag ettermiddag ei struktursak der det mellom anna er føreslått endringar i skulestrukturen. Det vart vedteke å tilråda å leggja ned Tellnes skule frå august 2018 og Liljevatnet skule frå august 2019. Det skal fremjast sak om sjølve nedleggingane som mellom anna avklarar nytt skuletilbod for elevane.
Les meir.

Monica Mæland besøkte Nye Øygarden kommune

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland møtte leiinga i Nye Øygarden kommune på Skjenet i dag. Statsråden opplever at kommunane i regionen arbeider godt saman om kommunereforma.
Les meir

Samordnar gebyra for den nye kommunen

Fellesnemnda vedtok på måndag denne veka å setja ned ei administrativ arbeidsgruppe som skal utarbeida et framlegg til nytt reglement og nye satsar for dei tekniske tenestene i den nye kommunen. Det vart også vedteke å setja ned ei politisk referansegruppe på seks medlemer, to vert vedteke hausten 2018. Elles gav fellesnemnda prosjektleiar og rådmennene i dei tre kommunane oppgåve med å utarbeida eit mandat for arbeidet med å etablera eit felles NAV-kontor. Fylkesdirektør i NAV Hordaland har i brev bedd om at det så raskt som mogleg vert starta eit prosjekt med sikte på å slå saman dei tre NAV-kontora i regionen.
Les meir.

Invitasjon til Kultur- og idrettsgalla

Velkomen til kultur- og idrettsgalla laurdag 14. april kl. 18.00 i lokala til Bakscenen ved Sartor Storsenter. I ei stilfull ramme ønskjer vi å gjera stas på den mangfaldige kulturen i Fjell. Kultur-, frivillig- og folkehelseprisen skal delast ut på gallaen. Samtidig skal Fjell idrettsråd dela ut Idrettens heiderspris og Ungdomspris.
Les meir

Tilskot til kultur, idrett og friluftsliv

Fjell kommune administrerer ulike tilskotsordningar, som i hovudsak er retta mot frivillige og ideelle medlemsorganisasjonar i Fjell. Det er eit krav at organisasjonen er registrert i frivilligregisteret/einingsregisteret slik at søkjar har eit organisasjonsnummer å visa til.
Les meir

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (08)

• 19.02.: Fellesnemnda

• 20.02.: Møte utval politisk styringsstruktur Nye Øygarden kommune
               Politisk arbeidsutval

• 22.02. Kommunestyremøte

• 23.02 Møte i Bergen om nasjonal beredskapsklynge

 


Publisert: 22.02.2018 22:36
Sist endret: 23.02.2018 14:21